Sport | 02. mai 2019

HiTZONE klar for opning

I dag kom det siste utstyret, laurdag er det duka for full laserkrig i etasjen over Europris.

HiTZONE klar for opning
Pål og Kristine har plan om å opna fleire HiTZONE. Laurdag opnar dei sin første på AMFI Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. mai 2019 21:50

Bildeserie:

Siste nytt innan lasertag kom frå Nederland i dag. (Foto: KVB)
Siste nytt innan lasertag kom frå Nederland i dag. (Foto: KVB)
Ved resepsjonen er òg ein eigen airhockeyavdeling. (Foto: KVB)
Ved resepsjonen er òg ein eigen airhockeyavdeling. (Foto: KVB)
Kurva bord. (Foto: KVB)
Kurva bord. (Foto: KVB)
2 mot 2 med 4 mål og 2 puckar. (Foto: KVB)
2 mot 2 med 4 mål og 2 puckar. (Foto: KVB)
Lasertagbane på 300 kvm. (Foto: KVB)
Lasertagbane på 300 kvm. (Foto: KVB)
I løpet av spelet kan du få fleire moderne overraskingar. (Foto: KVB)
I løpet av spelet kan du få fleire moderne overraskingar. (Foto: KVB)
1 av 6
Siste nytt innan lasertag kom frå Nederland i dag. (Foto: KVB)
Ved resepsjonen er òg ein eigen airhockeyavdeling. (Foto: KVB)
Kurva bord. (Foto: KVB)
2 mot 2 med 4 mål og 2 puckar. (Foto: KVB)
Lasertagbane på 300 kvm. (Foto: KVB)
I løpet av spelet kan du få fleire moderne overraskingar. (Foto: KVB)

I midten av mars blei det kjent at AMFI Os endeleg hadde fått leigetakar på lokalet i 2. etasje som blei tomt då Europris utvida på gateplan på AMFI Os.

Sambuarane Pål Helsing og Kristine Moen opnar lasertagbane og airhockey i det 420 kvadratmeter store lokalet.

– Lasertagutstyret kom i dag. No gjenstår berre programmering, rydding og litt finpuss, så er vi klare for opning, seier Kristine og Pål.

Midtsiden fekk ei omvising i lokalet torsdag kveld.

– Lasertagbanen blei prioritert

Lokalet er innreia med resepsjon, kiosk og eigen spelekrok med tre nye og ulike airhockeybord; standard, kurva bord og firemannsbord (2 mot 2).

På den eine veggen heng 16 lasertagvestar med markør, alle av typen EVO-6 frå nederlandske Lasermaxx.

– Dette er siste nytt innan lasertag, vi er truleg dei første i Noreg med dette utstyret, fortel Pål.

– Det blei ikkje plass til selskapslokale eller sitjegrupper?

– Nei. Men vi kan bruka lokale på Amfisenteret om det er bursdagsbesøk som vil eta saman før eller etter spel. Vi har prioritert å bygga ein stor lasertagbane. Banen er 300 kvadratmeter stor, den største i bergensområdet, og har plass til rundt 20 spelarar.

– Førebels har vi tatt inn utstyr til 16, der du kan spela 1 mot 1, lag mot lag eller alle mot alle.

God respons før opning

Bygging av bane starta i mars, og lasertagutstyret kom tidlegare enn venta. Derfor blir det opning allereie laurdag, ikkje i midten av mai, som først var venta.

– Vi har notert ei god interesse for dette, og har allereie fleire bursdagsbesøk booka via heimesida vår. Det var òg mange deltakarar i konkurransen vi har køyrd før opning.

– Skal HiTZONE følgja senteret si opningstid?

– Ja, om laurdagen. Frå måndag til fredag opnar vi etter lunsj, men følgjer senteret si opningstid utover ettermiddag og kveld.

– Kva med søndagen?

– Sidan vi ikkje har eigne toalett, har vi i starten heller ikkje ope om søndagen. Men her kan det henda at det kjem ei løysing seinare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.