Her står treningsutstyr for 1,2 millionar
Dette er berre ein del av Actic Os si komande totalfornying.
Bildeserie:
Onsdag kom eit vogntog med kardioutstyr frå den italienske kvalitetsprodusenten Techno Gym til Kuventræ.
– Vi har fått 6 tonn med utstyr frå før, og det kjem meir, seier dagleg leiar Jørgen Wold.
Wold overtok som sjef for senteret på Os for to år sidan, og fortel om fin og stabil medlemsmasse.
Han overlét til Klas Lindgren på kjedekontoret til å fortelja om planane for senteret.
– Fornyer heile senteret
Actic, som har blitt børsnotert, har i alt 250 senter i blant anna Skandinavia og Tyskland.
– Vi har no sett i gang ein re-branding av Actic. Os er det sjette av våre 26 senter i Noreg som får denne oppgraderinga, fortel Lindgren.
Så og seia alt utstyr skal skiftast ut, inn kjem merke som Techno Gym og svenske Eleiko, og jobben skal gjerast på ei lita veke.
– Det kjem òg nytt golv og nye fargar. På Os har vi nokre ønskje om justering av veggar og rom, blant anna for å få ei større frivektavdeling. Når vi får svar frå huseigar (Os kommune) om kva vi får lov til, så set vi i gang.
Arbeidet skal gjerast på nokre få dagar no på forsommaren, men det er foreløpig uvisst akkurat kort tid dette blir, og kva dagar senteret må halda stengt for ombygging.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.