Oppvekst | 23. mars 2024

Hentar Lundekvam for å nå inn til ungdomen

Initiativet har fått sponsorkroner til tre foredrag.

Hentar Lundekvam for å nå inn til ungdomen
Mariann Øvreeide frå Nore Neset il saman med Claus Lundekvam og initiativtakar Rune Tøkje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. mars 2024 07:52

– Nokon må gjera noko, tenkte eg. Det einaste eg sjølv kom på at eg kunne bidra med, var å ringa Claus, seier Rune Tøkje.

Omtale i lokalavisene om av auka mengde narkotikabruk, og lågare debutalder, leia til initiativet.

Illustrasjonsbilde. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Les ògRus, vald og narkotrafikk: Fem ungdomar skildrar ulike miljø og metodar

Tøkje er sjølv far, bur i Øyane, men kjem frå Bekkjarvik i Austevoll. Det same gjer Claus Lundekvam. Lundekvam spelte for Southamptom i Premier League frå 1996 til 2008.

Då ein skade brått sette ein stoppa for karriera, fekk han problem med kokain- og alkoholmisbruk, noko han har vore open om både i intervju og i den kritikarroste sjølvbiografien «En kamp til».

– Då han sa ja til å koma og snakka til ungdomane i bygda, snudde eg meg rundt og fekk eit samarbeid med Nore Neset il. Så kontakta vi nokre sponsorar, som ville støtta. Det kom inn så mykje at vi rekk tre foredrag.

Administrativ leiar i Nore Neset il, Mariann Øvreeide, har i sin førre jobb møtt Claus fleire gongar. I sminkestolen hos TV 2 før han skulle framfor kamera som kommentator. No møtes dei for å nå ut til ungdomen.

– Først tenkte vi å ha foredraget for eigne medlemmar, men så vil vi at fleire skal få det med seg. Ideelt sett burde vi nådd ut til alle, elevar og foreldre frå sein barneskulealder til og med vidaregåande skule. Det får vi nok ikkje til, men vi starta med å kontakta leiinga ved Nore Neset ungdomsskule.

To av dei tre foredraga til elevane frå 8. til 10. trinn. Over to omgangar. Det tredje blir halde 11. april for eit anna publikum.

– Vi er veldig glade og takksame for initiativet. Det samsvarar med to av dei tre satsingsområda vi har fortida, der det eine har tittelen «sterk og klar», fortel rektor Øystein Holmaas.

– Nokre av kollegaene mine har høyrd foredrag av Lundekvam før, og likte det veldig godt.

Foredraga går 4. april, i skuletida, eitt foredrag per halvdel av elevmassen.

– Eg veit ikkje om eg er flink å halda foredrag, men eg har noko å fortelja, og eg er ærleg, seier Lundekvam.

– Eg liker å snakka til relativt små grupper, at dei får med seg kroppsspråket mitt, at eg kjem tett på og får blikkontakt med nokre av dei.

Lundekvam har snakka til ungdomar før, både i enkelte foredrag og då han var tilsett innan forebygging i Austevoll kommune.

– Mange draumer nok om å bli fotballproff, men få kan relatera seg til det. Kva delar av foredraga opplever du når best inn?

– Det handlar ikkje om fotballkarriera mi, men om rusmisbruket og korleis eg opplevde at det gjorde at livet mitt gjekk rett til helvete.

– Når eg snakkar om ikkje berre korleis eg sjølv opplevde det, men dei rundt meg, dei eg skuffa, smertene til dei du sårer mest, så opplever eg at dei lyttar.

Sjølv om dette er over ti år sidan, er Lundekvam tydeleg prega når han snakkar om sine tidlegare dårlege val.

– Det krev litt av meg kvar gong eg skal snakka om det. Eg merker det. Men viss det kan hjelpa, så er eg glad for å stilla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.