Lokal | 21. mai 2018

Held to friluftsskular i år òg

Har du born fødd i 2005-2007, og er rask på labben, så kan dei få fire lærerike sommardagar i skjergarden.

Held to friluftsskular i år òg
For tredje år på rad har BOF friluftsskule i Os og Fusa. Desse byr på mykje maritim aktivitet. (Foto: Privat/Vidar Øvredal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mai 2018 09:46

Friluftsskulen, som blir arrangert i regi av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), var nær på å bli kansellert i forfjor, men fekk likevel lang venteliste i 2016 og hadde to fullsette kurs i fjor.

Sjå bildeserie frå friluftsskulen i 2017

Skulen er eit tilbod for yngre ungdom, frå 5. til 7. klasse (10-13 år) i Os og Fusa, med fire dagar i naturen, éi av nettene i telt, dei andre med oppmøte på morgonen.

– I fjor blei friluftsskulen i Os og Fusa framskynda frå juli-august til månadsskiftet juni-juli. Kapasiteten var dobla, og begge skulane blei fullteikna, fortel instruktør Vidar Øvredal.

Øvredal står for gjennomføringa for BOF.

– Også i år er det siste veka i juni og første veka i juli. Det gjer at påmeldingsfristen er allereie om ei god veke, 5. juni, fortel Vidar.

Fire dagar med maritime aktivitetar

Friluftsskulen går over fire dagar og blir arrangert med base på Vinnesholmen og Ramsholmen. Overnatting i telt den eine natta er valfritt.

Den første er i veke 26, den andre i veke 27.

– Målgruppa barn fødd i 2005, 2006 og 2007.

Friluftsskulen er aktiv og lærerik ferie for ungdomen, men rikeleg med amaritime aktivitetar som padling i kajakk og kano, bading, tubekøyring, tur med hurtiggåande båt og seglskøyte.

– Det blir òg rappellering, aktivitetar, leikar og lagkonkurransar. Vi lærer knutar, det å lesa kart, bruka kompass og kva allemannsretten er.

Det er plass til 20 ungdomar per friluftsskule. Detaljert informasjon og påmelding er på bof.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.