Lokal | 14. aug. 2016

Heier på Hillary

Presidentvalet i USA. Lokalpolitikar og USA-fødde Glenn Erik Haugland heier på Hillary Clinton, men trur det blir ein jamnare kamp fram mot valet 8. november.

Heier på Hillary
Lokalpolitikar Glenn Erik Haugland studerer meiningsmålingane frå USA (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 14. aug. 2016 08:38

Republikanerane sin presidentkandidat Donald Trump har vore i hardt vêr etter at han i taler har lagt seg ut med veteran-foreldre, meir eller mindre bedt russisk etteretning om å hacke Clinton sin e-post og no sist kom med ei halvvegs oppmoding til våpenforkjemparar om å "ta hand om" Hillary Clinton.

I følgje meiningsmålingar og analyser meiner analysefirmaet FiveThirtyEight at det er 87,8% sjanse for at Hillary Clinton blir president og berre 12,2% sjanse på at Donald Trump blir USA sin neste president.

Midtsiden har tatt ein prat med kommunestyrerepresentant og amerikanar Glenn Erik Haugland om kva som skjer i heimlandet.

Stemte taktisk

Han er sjølv svoren demokrat og heiar på Hillary Clinton.

– Eg stemde på Bernie Sanders i partiet sitt val av kven som skulle bli presidentkandidat, men har vore fan av Hillary heilt sidan ho kom inn i det kvite hus som førstedame då Bill Clinton blei president. Grunnen til at eg stemde på Bernie var taktisk. Hillary trengde ein boost på sosiale verdier og den økonomiske politikken. Det fekk ho ved å bli utfordra av Sanders, noko ein såg igjen både på den demokratiske kongressen og no vidare i valkampen, forklarer Haugland.

Pengane strekk ikke til

Haugland som har søster og nevøar i USA diskuterer mykje med familien der borte.

– Vi er i utgangspunktet ein familie av demokratar, men nevøane mine held no med Trump. Det er rimeleg sterke meiningar på begge sider. Noko av bakgrunnen for at dei held med Trump er den frustrasjonen som har bygd seg opp i det amerikanske samfunnet og i arbeiderklassen der borte.

– Folk opplever at pengane ikkje strekk til, sama kor mykje dei jobbar. Dei har til dømes ikkje råd til å ta seg fri. Då vi var på vitjing sist, hadde dei ikkje moglegheiten til å vera saman med oss, anna enn på dagane dei hadde fri. Misnøyen er reell og ein av dei viktigaste årsakene til at Trump har kome dit han er. Det er jo den han speler på i heile kampanjen sin.

– I tillegg er han ein kjendis. Folk har hatt han i stua si over lang tid gjennom ulike TV-program. Dei føler han er deira mann og ein av dei, sjølv om han kjem frå ei heilt anna klasse enn den jamne amerikanar, forklarer Haugland.

Speler på frykt

Haugland fortel at det amerikanske samfunnet på mange måter er bygd opp kring frykt.

– Slik har det alltid vore, heilt sidan eg gjekk i første klasse på slutten av 60-talet. Då hadde vi atomøvingar kor vi stilte opp i gymsalen med henda på nakken og ansiktet inn mot veggen. Dei yngste innerst og dei eldre utanpå, akkurat som om det skulle berga oss om russerane skulle gå til eit atomangrep på oss. Då var det Sovjet som var den store stygge fienden. Frykt er ein grunnleggande del av den amerikanske kulturen.

– Det er dette Trump speler på. Frykt og misnøye. Han følgjer på mange måter ein kjend oppskrift. Først kome med utspel som sjokkerar og skaper frykt for så å få reaksjonar. Deretter fornekte eller hevde at motstanderane har misforstått. Du veit han må ha slike utspel for å heile tida vera i mediebilete. Han har inga politikk. Den er som eit stort svart hol, kor han ikkje lover noko som helst. Det betyr, at om han blir vald så kan han gjera kva som helst. I tillegg er han kjend for å vera hevngjerrig. Når han i tillegg ikkje har alliert seg med dei beste rådgivarane og skal gjera alt slik han sjølv vil. Han stoler ikkje på nokon, då blir det skummelt.

Dame med klare ambisjonar

Haugland legg ikkje skjul på at han er full av beundring for Trump sin motstandar Hillary Clinton.

– Ho har frå første stund vore veldig bestemt på at ho vil vera ei som vil utgjera ein forskjell. Det har ho stått for frå før ho møtte Bill. Ho har hatt klare ambisjonar. Det såg ein allereie då Bill blei president. Ho var tydeleg på at ho ikkje skulle bli ei heimeverande førstedame, men at ho hadde saker ho ville kjempa for.

– Du veit den helsereformen som Obama har fått gjennom, er Hillary sitt verk. Det var ho som skreiv den då ho var førstedame, men ektemannen klarte ikkje få den gjennom då.

– I tillegg er ho jo ei historisk dame, i og med at ho der den første kvinnelege presidentkandidaten for eitt av dei to store partia. Det trur eg heller ikkje har vore heilt enkelt. Det å vera kvinne i den amerikanske politikken er mykje vanskelegare enn i Europa, sjølv om vi skriv 2016.

Trur det blir jamnare

Sjølv om meiningsmålingane tyder på ein klar siger til Hillary Clinton og demokratane trur ikkje Haugland det berre blir enkelt.

– Eg trur nok at det går vegen og at alvoret synker inn hos velgjarane når dei står i valboksen den 8. november, men eg trur det kjem til å bli mykje jamnare enn det tala tyder på no.

– Det skumle er at USA aldri har vore meir politisk delt enn no. Om den fragmenteringa ein ser, kor ulike grupper "slåss" mot kvarandre, held fram er eg redd USA bryt saman. Tidlegare har flagget vore det samlande uavhengig av kva gruppering ein tilhøyrer. Om dette fell saman er eg redd kva som skjer med USA, avslutter Glenn Erik Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.