Lokal | 23. aug. 2016

Havnechefen får leiga Osroso

Havnechefen AS, med Susanne Sperrevik inn på eigarsida og samarbeid med lege Berit Nordstrand, fekk i dag tilslaget på det komande glasbygget på torget.

Havnechefen får leiga Osroso
F.v.: Mireen og Jan Olav Fikse, Berit Nordstrand og manager Vegard Støten. Innfelt: Susanne Sperrevik, Frank Vasby Bruarøy og Reidun Vasby. (Privat foto)
Andris Hamretysdag 23. aug. 2016 09:06

Fire viste interesse for torgbygget, som kan bli ferdig i desember i år, to av dei leverte skildring av konseptet innan frist 15. august.

No har Os kommune si prosjektgruppe bestemt kven som får tilslaget.

Havnechefen AS, som tidlegare leigde Engeline, får flytta inn i bygget som har blitt kalla «Osroso».

– Os kommune ser fram til samarbeid med Havnechefen om utvikling av eit unikt matkonsept for Osroso. At ein av Noregs framste kapasiteter innan ernæring, lege Berit Nordstrand, blir ein del av konseptet, vil bidra til å setja Osroso og det nye Torgbygget på kartet langt utanfor Os kommune sine grenser.

– Vi har hatt ein god prosess med val av leigetakar til torgbygget. I første fase melde det seg fire interessentar, og to av desse leverte komplette konseptskildring. Begge leverte gode konsept, men etter ei heilheitsvurdering konkluderte styringsgruppa for Prosjekt Liv på Øyro med at Havnechefen sitt konsept med Berit Norstrand hadde det største potensialet.

– Det vil no bli innleida forhandlingar med Havnechefen om leigekontrakt for lokalet. Byggjearbeidet for sjølve torgbygget er i gang, og målsettinga er at bygget står ferdig innan utgangen av året, seier ordførar Terje Søviknes.

Sjå òg: Nye teikningar av torgbygget

Comeback med nye kvalitetar

Dagleg leiar i Havnechefen AS, Reidun Vasby, er svært nøgd med at dei no kan planlegga vidare for comeback med restaurant i Os sentrum.

– Vi har brukt mykje tid på dette og følte at vi leverte ei konseptskildring i tråd med det Os kommune vil ha inn i bygget.

– Samtidig får vi ofte spørsmål og tilbakemeldingar frå tidlegare gjestar som seier at dei saknar oss og spør kor tid vi kan opna igjen.

Det blir ikkje berre lokalet som blir nytt når Havnechefen er tilbake rundt årsskiftet - selskapet får ny medeigar og nye samarbeidspartnarar.

Susanne Sperrevik blir med på laget

Nytt hos Havnechefen sidan sist er at Susanne Sperrevik frå Lysefjorden kjem inn på eigarsida. Dette blei avgjort mens Havnechefen i sommar heldt på å forma søknad om å bli leigetakar i torgbygget.

– Susanne var ofte gjest hos oss og sa at ho kunne tenkja seg å driva restaurant. Eg trudde ikkje ho meinte noko med det, men då ho i sommar diskuterte vidare med kokken vår, Frank, tok eg ho på alvor og spørde ho rett ut om ho ville vera med. Vi såg jo etter ein medeigar med litt tak i, og eg har veldig godt inntrykk av Susanne.

I Os er Susanne Sperrevik kanskje best kjent som leiar for Os Høyre, men Sperrevik har lengre fartstid som gründar innan olje- og gass enn som lokalpolitikar.

– Det er to årsaker som gjer at eg engasjerer meg i ny bransje. Det eine er at er opptatt av mat, og har lenge hatt lyst å driva ein restaurant saman med andre. Det andre er at eg blei sjuk rundt påsketider, og då blei eg endå meir opptatt av å eta rett. Her er samarbeidet som Havnechefen inngår med Berit Nordstrand veldig interessant.

Susanne går inn på eigarsida via selskapet Buena Vida AS, som ho eig saman med mannen sin, Morten Nilsen. «Buena Vida» betyr «det gode liv», men speler samtidig på stadnamnet Buena i Lysefjorden.

– Eg skal ikkje vera tilsett i bedrifta, men vera involvert gjennom styrearbeid. Vi ser veldig fram til å jobba saman med denne driftige og flinke gjengen.

Smart mat frå kjent lege og forfattar

Allereie i vår kom Havnechefen i kontakt med «lege, seksbarnsmor og livsnyter», som ho kallar seg, Berit Nordstrand.

Nordstrand er kjent over heile Noreg som forfattar, bloggar og foredragshaldar, brennande opptatt av å formidla korleis du kan kosa deg til optimal livskvalitet gjennom små grep som gir stor effekt.

– Det handlar om reine råvarer og gode oppskrifter, og det er nettopp dette Berit skal hjelpa oss med, både som leverandør og som rådgjevar, fortel Reidun.

Kokken Frank møtte Berit via søskenparet Mireen og Jan Olav Fikse, som han kjenner frå før. Fikse har selskapet Urban Cultivator, som leverer drivhus til dyrking av urter, og blir også leverandør til Havnechefen i ny restaurant i Torgbygget.

Frank får med seg Petter Straume som si høgre hand. Straume er nyutdanna økonom, men «kom inn kjøkkenvegen» då han som veganer er genuint interessert i gode råvarer og sjølvdyrka mat.

Havnechefen vil blant anna by på foredrag med Nordstrand, gjerne i Oseana, kunnskapsformidling om mat og legga opp til aktiv dialog med publikum, for eksempel innan deling av oppskrifter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.