Næringsliv | 19. mai 2019

Har selt over 100 el-mopedar sidan påske

Reinhardt Østrem har supplert spa-import med ny varegruppe i nytt firma.

Har selt over 100 el-mopedar sidan påske
Reinhardt hadde to el-mopedar utstilte i Os sentrum 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. mai 2019 21:17

Osingen Reinhardt Østrem har drive med import frå Kina sidan 2001, i hovudsak utandørs boblebad frå butikk i Spelhaugen og nettbutikken Ecospa.

Dei siste tre åra har han jobba med ny varegruppe, og i år starta salet.

– Den første el-mopeden kom på vegen i august i fjor, og konteinaren med 100 mopedar kom i desember, men det er no etter påske at salet for alvor har skote fart.

På rundt fire veker har han, saman med forhandlarnettet, selt alle dei 100 el-mopedane og dei første av dei 104 som kom no i vår.

Utvikla sitt eige merke

Det starta med at Reinhardt såg el-mopedar på ei messe i Kina for fire år sidan.

– Eg samarbeider med fleire fabrikkar i Kina, og ein av dei lager elektrisk sparkesykkel frå før. Eg starta prosessen med vegvesenet og andre instansar heime samtidig som fabrikken i Kina forma dei første teikningane. Det blei 74 sider med teikningar.

Då typegodkjenning med COC-samsvarserklæring frå England var på plass, var mopedane klare for marknaden. Nytt firma, City Wheels AS, er etablert. Her har Østrem to medeigarar.

– Det er folk eg har jobba med i ein mannsalder, fortel osingen.

Selskapet er hovudsponsor når The Tall Shis Races kjem til Bergen i sommar, og der skal vertsskapen susa rundt på kvar sin el-moped frå City Wheels.

Lydlaus torden i 45 km/t

El-mopedane tel som vanleg moped når det kjem til førarkort. Dei har toppfart på 45 km/t, ladetid på 4-6 tima, og rekkevidde på 4-6 mil.

– Dette er med ein person på 90 kilo på flat veg. Her heime er det mange bakkar, og då vi testa med ein på 130 kg så fekk mopeden ei rekkevidde på 3,5 mil.

Mopedane går naturlegvis stille, men har fått «Thunder» som merkenamn.

– Dei kjem i sju ulike fargar. Vi held kontinuerleg på med både oppgraderingar og fleire modellar, og kjem blant anna med firehjuling, fortel Østrem.

– Samtidig held vi på å bygga ut forhandlarnettet. Vi har over åtte, men mange interessentar i ulike fylke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.