Brann og beredskap | 29. sep. 2023

Har booka Peppes - 12 månadar fram

I kveld er første lokale treff etter vedtatt veteranplan.

Har booka Peppes - 12 månadar fram
Morten Rismose, her på treff i Kløvertun under veterandagen i mai, blir å treffa på Peppes i kveld. Og ein del fredagar det neste året. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. sep. 2023 14:42

Dette året har Bjørnafjorden kommune arbeidd med å laga ein veteranplan.

Planen blei vedtatt i kommunestyret i juni.

Ein ngd initiativtakar til planen, Roger Hoel (H), etter godkjenninga i juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein ngd initiativtakar til planen, Roger Hoel (H), etter godkjenninga i juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I samband med arbeidet har NVIO Bergen og omland engasjert seg, og blant anna hatt fleire av treffa sine i Os.

– NVIO Bergen og omland inkluderer oss i Os og resten av Bjørnafjorden kommune, men vi ønskjer å ha ein fast møteplass her lokalt, seier veteran Morten Rismose.

Han har saman med NVIO reservert Bar(t)-lokalet på Peppes den siste fredagen kva månad fram til september 2024 (!).

– Eg veit ikkje kor mange vi blir i kveld, utover meg og varabrannsjef og veteran Erik Walden, men alle er velkomne, veteranar, sambuarar og andre interesserte.

Veterantreffet skal vera både for dei som vil ha ei sosial stund, utveksla erfaringar eller ha nokon å støtta seg til, om dei har det vanskeleg etter tenesta dei var i.

– Treffa og miljøet i Bergen er veldig bra, men eg trur det er ein styrke med eit tilbod også her lokalt.

– Blir vi ei god gruppe her, kan vi òg laga litt aktivitetar utanom treffa, som fjelltur, temasamling eller ein annan aktivitet.

Forsvarets Veterantreff er ein fast aktivitet som NVIO fasiliterer for Forsvarets Veterantjeneste på landsbasis.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.