Lokal | 27. apr. 2018

Halve SU har trekt seg

Borgafjell: Alle tilsetterepresentantane i samarbeidsutvalet har trekt seg.

Halve SU har trekt seg
Borgafjell Barnehage. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. apr. 2018 13:38

Etter ein haust og vinter med utfordringar og tilsyn ser problema ikkje ut til å vera over for Borgafjell Barnehage.

Eit av dei to lovbrota som blei avdekka i tilsynet handla om manglande samarbeidsutval (SU).

Utvalet skal bestå av styrar saman med tre tilsette og tre foreldre med ungar i barnehagen.

• Les òg: Avvika er lukka (3. april 2018)

SU som blei oppretta i oktober trekte seg i starten på januar. Nytt SU kom på plass, men manglar no alle dei tre tilsette-representantane, i tillegg til vara. Desse skal ha trekt seg ei stund etter førre møte, som var rett etter påske.

Midtsiden har snakka med ein av foreldrerepresentantane i SU.

Vedkomande ville ikkje stilla til intervju, men har sendt oss ein uttale som dei tre SU-representantane stiller seg bak:

«Vi kan bekrefte at representanter for de ansatte har trukket seg fra SU en stund etter forrige SU-møte. Vi foreldrerepresentantene forventer at nye representanter fra de ansatte er på plass til neste møte. Årsak er vi ikke kjent med da det er et forhold mellom de ansatte og arbeidsgiver. Vi vet også at Os kommune er informert, det er viktig for oss som SU-foreldrepresentanter at kommunen er involvert og involverer seg også etter at tilsynet er ferdig, slik at vi kan være trygge på at det faglige innholdet i Borgafjell Barnehage ivaretas. Dette da vi som foreldrerepresentanter i SU har et begrenset ansvarsområde, begrenset myndighet og begrenset kunnskap i saker som dette.»

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå medeigar og styremedlem Randi Nordeng for kommentar.

• Les òg: Ville be rådmannen om å kjøpa barnehagen

Vi har snakka med fleire foreldre og tilsette i dag. Etter det vi kjenner til skal ingen av dei andre tilsette, i personalmøte tysdag denne veka, ha meldt seg som erstattarar i SU. Dette skal òg ha vore tema på foreldremøte torsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.