Politi og ambulans rykte ut til Søfteland barneskule i ettermiddag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Gut uskadd etter uhell på Søfteland

Blei påkøyrd i låg fart.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag klokka 15.39 kom det melding på trafikkuhell på Søfteland.

Politi og ambulanse rykte ut.

– Ein gut er påkøyrd, men i låg fart, opplyste politiet.

Guten, som er i tidleg barneskulealder, framsto som uskadd.

Uhellet skjedde i samband med at ein bil skulle inn på parkeringsplassen ved Søfteland barneskule.

Oppdatert: Bilførar, ein mann i 50-åra, blei sjekka for promille, og var edru. Men det er tatt beslag i førarkortet.

Fleire saker