Lokal | 22. des. 2018

Framtidstjuvane

Os kommune har vedteke sitt siste budsjett. Om verda var som før så skulle eg ha klappa for dette.

Framtidstjuvane
Nils-Anders Nøttseter, her i kommunestyret 30. oktober, fekk ikkje nok støtte for tilleggsforslaget sitt i budsjettet 18. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. des. 2018 09:14

Os kommune vedtok tysdag 18. desember budsjettet for 2019. Det er eit godt budsjett, og alle partia er samde om at rådmannen og resten av administrasjonen gjer ein god jobb med å utvikla kommunen for framtida.

Å budsjettera er å rasjonera ressursar. Om ein har for lite må ein normalt redusera aktivitet, eller fylla på meir om ein har høve til det. For kommunebudsjettet er det klåre grenser, og rådmannen hjelper oss politikarar godt med å driva innanfor rammene. Strengt tatt gjer han størsteparten av jobben.

Men det finst noko som på engelsk heiter Earth Overshoot Day (overshootday.org).

Den seier noko om når på året vi har brukt opp budsjettet for kloden sine årlege naturressursar som ein målar i datoar. Om datoen er nyttårskvelden, så har vi matcha forbruket med ressursane og vi går i balanse. Om datoen er tidlegare blir det samanliknbart med å lånefinansiere drifta. Det har vi ikkje lov til når det er snakk om pengar i kommunebudsjettet - ein kan, av gode grunnar, berre låne til investeringsbudsjettet.

• I 1970 var Earth Overshoot day 29. desember. Nokon lunde greitt balansert, men litt i minus.
• I 1980, året eg vart fødd, var datoen 3. november.
• I 1999, då Terje Søviknes vart ordførar, var datoen 30. september.
• I 2018 var datoen 1. august.

Merk rett nok at dette er den globale datoen. Dei fleste på planeten er langt fattigare enn oss, og dei brukar mindre ressursar enn oss.

Den norske datoen for Earth Overshoot Day i 2018 var 12. april!

Vi treng altså globalt 1,6 jordklodar om vi skal forbruka på dette nivået. I 2030, om den tydlege trenden held fram, vil talet vera 2 jordklodar.

Mykje kan betrast med ny teknologi og tiltak. Vi treng til dømes ikkje uroa oss for ozonlaget eller sur nedbør lenger. Samtidig som vi har løyst dette, samtidig som vi har fått bokstavleg tala ufatteleg teknologi tilgjengeleg i våre moderne liv, så driv vi altså meir og meir rovdrift på planeten. På livsgrunnlaget vårt.

Vi er lovpålagt i kommunen å laga eit årsbudsjett og ein fireårs økonomiplan som går i balanse. Men kun det som gjeld kroner. Pengar symboliserer kva ressursar ein disponerer, men det er eit ufullstendig verktøy.

Greta Thunberg er 15 år og fra Sverige. Under valkampen i Sverige streika ho frå skulen. Det kjem eg tilbake til.

Ho heldt tale (sjå talen på YouTube) til klimatoppmøtet COP24 i Polen for ei veke sidan. Ho siterer oss vaksne på at vi elskar barna våre høgare enn alt anna. Men ho seier at vi stel framtida deira når vi no ikkje gjer det som trengs, trass betre kunnskap. Ho skreiv følgande i The Guardian:

Some say I should be in school. But why should any young person be made to study for a future when no one is doing enough to save that future? What is the point of learning facts when the most important facts given by the finest scientists are ignored by our politicians?

Framleis streikar ho kvar fredag. Ho streikar for si eiga framtid. Ho har ikkje ein gong stemmerett.

Det var ein annan person som også talte til klimatoppmøtet i Polen, Sir David Attenborough. Han er 92 år gamal, og eg trur dei fleste veit kven han er.

Han sa i si tale (sjå talen på Vimeo) mellom anna:

Right now, we are facing a man-made disaster of global scale. Our greatest threat in thousands of years. Climate Change. If we don’t take action the collapse of our civilisations and the extinction of much of the natural world is on the horizon. […] Leaders of the world, you must lead. The continuation of our civilisations and the natural world upon which we depend, is in your hands.

No har det seg sånn at alle vi som er folkevalde i kommunestyret er leiarar. Rett nok berre for ein ganske liten del av kloden. Men alle våre folkevalde, og stort sett alle innbyggjarar i heile dette landet, er ein del av verdas 1 % rikaste. Vi har eit stort ansvar.

Havet tar opp 90 % av varmen frå global oppvarming. Det betyr at vi ikkje legg så mykje merke til problemet enno. Men det betyr samtidig surare hav. Det betyr fleire sonar utan oksygen i havet (les meir om temaet i The Guardian), der alt liv er daudt. Det betyr at vi allereie no sannsynlegvis har gjeve daudsdom til alle korallrev, for dei maktar ikkje å tilpassa seg desse raske endringane.

19. desember rapporterte NRK at sjølv om vi oppfyller Parisavtalen så vil truleg det meste av isen på Grønland smelte, og det åleine kan heve havnivået med fleire meter.

I 1995 blei verdssamfunnet, samla i Kyoto, einige om ein klimaavtale. Sidan den gong har mange lovnader vorte brotne, ikkje minst her i Noreg. I 2015 laga verdssamfunnet ein ny avtale i Paris.

I alle desse åra har klimautsleppa auka. Det er som ein evig déjà vu der overskriftene blir resirkulerte over tiåra. Parisavtalen er diverre svakare enn den gamle Kyotoavtalen.

Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, kunne ein lesa i Klassekampen måndag 17. desember. Difor er det forbitrande at norsk oljebransje konsekvent set desse to opp mot einannan.

Vi må altså halda fram med å øydelegga kloden for ikkje å få mindre velferd.

Etter norsk logikk finst ikkje velferd utan olje. Korleis dei klarar seg i Danmark, Sverige, Finland eller Nederland er eit mysterium.

Den triste sanninga er at det ikkje finst ein trygg velferdsstat på ein klode som er tre, fire eller fem gradar varmare. Den einaste måten å ta folk si frykt på alvor er å kutta klimagassutslepp kraftig og raskt.

Difor la Miljøpartiet Dei Grøne fram eit alternativt forslag til kommunebudsjett, der ein tar inn over seg at vi må gjera mange grep for å ha eit godt samfunn vidare på lang sikt. Budsjettet vårt fekk ikkje fleirtal, det var ikkje overraskande.

Men det som var skuffande var at tilleggsforslaget vårt ikkje fekk meir støtte.

Vi foreslo ganske enkelt å stadfesta det storting og regjering har gått inn for, altså å stø Parisavtalen og gjera det tydeleg at den skal gjelda for utviklinga av kommunen.

Her er ordlyden: «Alle vedtak knytt til budsjett, kommuneplanar og større saker legg til grunn målet om å halde den globale oppvarminga under maksimum 1,5 grader.»

Dette framlegget fekk kun fire stemmer - to frå Miljøpartiet Dei Grøne, og to frå Venstre.

Så då lurer eg på - kva framtidsvisjon har eigentleg Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet?

Nils-Anders Nøttseter
Gruppeleiar, Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.