Kultur | 17. aug. 2016

Frå fjord til fjell

Legg du søndagsturen til Kuvågen - Liafjellet, så får du med deg konsert med Os Musikkforening både ved fjorden og på fjellet.

Frå fjord til fjell
Søndag skal musikkforeninga ut på tur igjen. Her frå konserten dei hadde ved Pøylo i juni (foto: Andre Marton Pedersen)
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2016 06:29

Os musikkforening har denne sommaren hatt fleire konsertar kor dei har invitert med seg osingane ut på tur. Mellom anna tok dei med seg Turboklubben rundt Pøylo i Lysefjorden i juni.

– Dette er den tredje konserten vi skal ha under paraplyen «Korps på friluftstur», fortel Marit Aasheim Valle i Musikkforeninga.

– Det heile starta i fjor då det var Friluftslivets år. Noregs Musikkorps Forbud fekk då middel frå Gjensidigestiftelsen til å laga eit opplegg kor korpsa skulle koma seg ut på tur i nærområdet og invitera med seg lokalmiljøet.

– Vi søkte i fjor, men fekk ikkje. Då sjansen kom igjen i år, så prøvde vi på nytt og lykkast. Gjennom å delta i prosjektet forplikta vi oss til å spele tre ut på tur-konsertar, forklarar ho.

Tre konsertar på turen

Søndagens tur starter ved Bjørnafjordens bredd og endar på det populære turmålet ved storevarden på Liafjellet.

– Vi startar med ein kort konsert i Kuvågen klokka 11 før vi går oppover til den gamle barneheimen på Mobergslio, kor vi held ein ny konsert. Derfrå går vi vidare opp til Storevarden, kor det blir meir musikk.

– Vi håper sjølvsagt mange osingar har lyst til å vera med oss på heile eller deler av turen, avslutter Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.