Lokal | 18. mai 2019

Fortid, notid og framtid i Minneparken

Ordførar Terje Søviknes fekk halda den siste 17. maitalen i Minneparken i Os kommune.

Fortid, notid og framtid i Minneparken
Mens andre er på veg for å leia borna til toget, er det mange som tar seg tid til å delta og lytta til seremoni, song og tale i Os Minnepark. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 18. mai 2019 07:33

Bildeserie:

Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)
Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)
Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)
Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)
1 av 2
Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)
Os Minnepark, 17. mai 2019. (Foto: KOG)

Etter at Os Musikkforening hadde blåst i gang dagen med minikonsert klokka 07.00, var markeringa av grunnlovsdagen i gang i Os.

Før oppstilling av avmarsj i hovudprosesjonen er det tradisjon tru ei markering i Os Minnepark.

Denne er ei av dei meir alvorstunge arrangementa på 17. mai. Staden, namnet og historia legg føringar for kva publikum ventar av den som held talen.

I fjor heldt Glenn Erik Haugland ein tale om fellesskap og rasisme som gjorde inntrykk.

«Dette var ein god tale»

Leia av kultursjef Lisbeth Axelsen og tonesett av Os Mannskor vart det ei verdig markering i Minneparken i går.

Terje Søviknes nytta taletida til, på elegant vis, trekkja historiske linjer frå dei som gav så mykje for landet, og for Os, i tidlegare konfliktar. Spesielt dei 27 osingane som fall under andre verdskrigen, eit tal som sett opp mot innbyggjartalet var mykje høgare enn landet elles.

Vidare snakka Søviknes om dei utfordringane verdas politiske klima utset oss for i desse dagar, og korleis vi ikkje kan skremmast til å verta tause. Det heile vart avslutta med dei utfordringane som ligg i at to skal bli éin når Os kommune og Fusa kommune kjem stadig nærmare Bjørnafjorden kommune.

Søviknes vart med gårsdagens tale den siste som heldt tale i Minneparken på 17. mai - som Os kommune.

Og som to vaksne damer sa til kvarandre etter seremomien; «Dette var ein god tale». «Ja, det var det.»

• Vi sendte direkte: Sjå heile markeringa på Kyrkjeflaten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.