Sport | 18. juni 2015

Første siger sidan 3. mai

VIDEO: Det blei eit intenst oppgjer mellom Os og Vaulen på Kuventræ torsdag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2015 22:11

Etter 9-0-sigeren over Kopervik har Os gått på heile sju tap på rad.

Utan siger i dag ville Os plassert seg heilt på botnen av tabellen, då Kopervik overraskande slo Haugesund 2 3-1.

Men dei gule og svarte kunne endeleg hala tre poeng i land, klatra over streken og har no Randaberg, Vaulen og Kopervik baks seg.

– Det var deilig. Eg gler meg først og fremst på vegne av gutane. Dei trengte dette no, både for humøret og sjølvtilliten, seier Hassan El Fakiri etter kampen.

Os - Vaulen 3-2 (1-0)
Målskårarar, Os: Kristoffer Østervold (1-0 på straffe i 34. min), Emil Halver (2-1 i 58. min) og Christer Olsen (3-1 i 75. min)
Dagens Os-spelar: Marius Mikkelsen

Os: Frode Øvredal - Sebastian Tune, Børge Borgen, Torkel Hjertnes, Glenn Krossøy - Marius Mikkelsen, Anders Kinden (Christoffer Hevrøy), Kristoffer Østervold (Sander Kvittingen), Emil Halver og Christer Olsen.

Vaulen: Ordaz, Bergum, Helland, Gaard, Stray, Halgunset, Khar, Eidhamar, Natland, Henriksen, Nilsen.

Tok leiinga på straffe

Begge lag skapte småsjansar den første halvtimen, Vaulen hadde blant anna frispark og eit godt skot rett over mål.

1-0 kom etter at Tune blei felt i hjørnet av 16-meteren. Østervold sette straffen nede til venstre for keeper som slengte seg til høgre.

– Straffen var grei. Vi svikta på det vi snakka om før kamp, men vi burde nok fått éintil to straffar sjølv i dag. I tillegg hadde eg helst sett at dommar gav eit raudt kort då han blåste frispark for at Os tok sistemann, seier Vaulen-trenar Bo Andersen etter kampen.

Vaulen utlikna på eit flott frispark fem minutt ut i 2. omgang, mens Emil Halvér sette inn 2-1 i 58. minutt etter glitrande gjennomspel av ein pressa Olsen som sendte ein stikkar gjennom med utsida av foten.

3-1 var det Olsen sjølv som sette, på corner etter at Østervold nesten spaserte inn eit innlegg av Halver.

3-2 kom på eit fint angrep der ein Vaulen-spelar fekk spasera langs dødlinja og legga 45 gradar ut til ein umarkert Vaulen-kaptein som fekk ein enkel jobb frå rundt straffemerke-posisjon.

Kapteinen tilbake

Erik Kanestrøm er framleis ute med skade og må venta fem veker før han kan trena igjen. Endre Brenne var ute med karantene.

Men både Marius Mikkelsen, Sebastian Tune og kaptein Torkel Hjertnes, som har mista store delar av vårsesongen, var klar frå start.

– Han har akkurat kome i sving igjen, men det var godt å få Torkel på banen igjen. Han kommuniserer godt og er med på å halda orden i rekkene, seier El Fakiri.

Likevel blei det ein hektisk kamp der både Os og gjestane spelte mykje direkte fotball, det blei angrep på angrep, kontring på kontring.

Kombinasjonen av at Vaulen prøvde å stå høgt på Os, og det derfor blei mykje bakrom, og det at Os-spelarane kanskje har litt mindre sjølvtillit enn i starten på sesongen, førte til fleire brot begge vegar og ein noko nervepirrande kamp for begge lag.

– Det var fleire som sto fram på ein fin måte i dag, ikkje minst Frode Øvredal som hadde eit par flotte redningar og elles var stødig gjennom heile kampen, seier El Fakiri.

Os speler neste kamp borte mot Åkra før dei tar imot Viking 2 heime.

SJÅ TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.