Lokal | 30. nov. 2016

Førarkortbeslag og 25 forelegg

UP hadde to fartskontrollar i Os tysdag.

Førarkortbeslag og 25 forelegg
UP, her ved ein tidlegare regntung laserkontroll i 50-sona på veg ned mot Halhjem ferjekai. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. nov. 2016 08:24

Utrykningspolitiet hadde to fartskontrollar med laser i Os i går.

Frå klokka 17 til 20 sto dei ved Thuen i 50-sona på Lepsøyvegen.

Her blei det 11 forenkla forelegg og eitt førarkortbeslag. Vedkomande som mista førarkortet blei målt i 87 km/t.

14 forelegg på Halhjemsvegen

Seinare på kvelden, frå klokka 21 til 23, sto UP på Halhjemsvegen og målte farten på bilane retning sør i 50-sona ned mot rundkøyringa og ferjekaien.

Det blei skrive 14 forenkla forelegg.

Høgaste målte fart var 69 km/t i 50-sona, noko som kvalifiserer for 4200 kroner til statskassen og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.