Lokal | 15. mai 2018

Flyttar Os-treffet til Amfisenteret

– I fjor hadde vi regn, men ny rekord. I år blir kanskje treffet endå større, seier Dag Andersen frå Os Amcarklubb.

Flyttar Os-treffet til Amfisenteret
Os-treffet sette rekord med 102 utstilte bilar i fjor, trass regnvêr. I år er treffet flytta til AMFI Os, og vêrmeldingane er betre. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. mai 2018 11:03

Måndag 2. pinsedag er det tid for det tradisjonsrike Os-treffet. Etter 15 år ved Os vidaregåande skule er treffet no flytta til Amfisenteret.

– Plassen ved skulen var dessverre opptatt i år, men så fekk vi heldigvis ein fantastisk mottaking då vi spurde AMFI Os om å ha treffet der, seier Andersen.

Amcarklubben vil stilla ut på nordsida mot Gudrihaugen og vestsida mot Byvegen, der det òg kjem dragracebilar og hoppeslott.

Parkeringsplassen ved Baker Brun og Europris blir for gjestar og handlande hos COOP Extra.

– Vi har god dialog med kjøpmannen som har søndagsope. Folk skal kunna køyra innom og handla, samtidig blir det nok òg ein del handel frå oss utstillarar med gjestar, så vi trur det kan bli ein god dag for alle.

Regn og rekord

Os-treffet er til ein viss grad vêravhengig, men trass regnbyger i fjor blei det rekord med 102 utstilte bilar.

• Sjå bildeserie frå Os-treffet 2017 og video frå Os-treffet 2016

– Vi har både individuelle utstillarar og gjestar frå klubbar som Nordhordland, Haugesund, Askøy, Bergen og Stord, i tillegg til utstillarar frå eigen klubb.

I år er det meldt sol både 17. mai, pinsehelga og langt ut i neste veke.

– Gode vêrmeldingar og meir sentral plassering gjer at vi trur det kan koma ekstra mange utstillarar og publikum i år.

Hugs stemmeseddel - gløym sparkesykkel

Os-treffet har fri entré. Arrangørane har ambisjon om å få alle utstilte bilar ferdig parkert til klokka 11, og på tampen av dagen, i 14.30-tida, er det kåringar.

– Ein jury finn 1. og 2. plass i to kategoriar, personbil og pickup + van. Publikum finn vinnar i klassen «peoples choice».

Andersen håper mange tar turen innom sekretæriat/kiosk for å henta stemmeseddel. Dei ti som får flest stemmer går til finale, i finalen blir to og to bilar køyrde fram så publikum kan stemma éin av dei vidare til dei når topp 3, som får premie.

Amcarklubben er også eit anna ønskje til publikum.

– Utstillarane er redde for bilane sine, derfor slepp vi ikkje inn sparkesyklar eller vanlege syklar. Sett dette igjen heime eller i bilen, eller plasser det på utsida av sjølve utstillingsområdet, er Andersen si oppmoding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.