Bilen trilla frå ein eigedom over Søvikvegen og utfor ein fjellskrent før den landa loddrett i Søvikvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fleire som fekk seg ein støkk

Bil utan førar hamna loddrett i grøfta.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag ein gong før klokka 20.30 hamna ein bil i ei grøft over Søvikvågen i Lysefjorden.

– Bilen sto parkert på eigedomen over Søvikvegen før den byrja å rulla, opplyser politiet på staden.

Truleg var handbrekket gløymd eller ikkje drege hardt nok opp.

Det var ikkje folk i bilen og ingen blei skadd då den hamna utfor fjellkanten og ned i vegen.

– Sto i ro i minst ein halvtime

Mannen som hadde sett frå seg bilen fortel at bilen sto i ro då han gjekk frå den.

– Det gjekk minst ein halvtime før den byrja å trilla. Eg såg det ikkje sjølv, for eg var hos ein kamerat, men naboane fekk det med seg.

Visste ikkje om det var folk i bilen

Ein av naboane fortel at dei var fleire som fekk med seg at bilen trilla ned bakken, gjennom eit gjerde og høyrde braket då den trefte bakken.

– Vi visste ikkje om det var folk i bilen, så vi sprang etter den. Den kunne jo ha truffe fotgjengarar i vegen, eller ein bil.

– Det var ein bil som var ganske nær då den landa i Søvikvegen, men heldigvis blei ingen skadd, seier naboen.

Vegen har vore open heile tida, men blir nok stengt akkurat mens bergingsbil skal få den på plan.