Finvêret varer i minst 8 dagar til
Vinden skal løya og temperaturen skal opp.
Mai held fram med sol og varme - og vêret held seg truleg ut månaden.
Etter sol og kulde i påsken kom varmen i slutten av april. Mai blei endå betre, med blant anna 21 gradar tysdag 8. mai, og årets varmaste dag, med 25 gradar, tysdagen etter.
Mellom dei to tysdagane var dei ein Kristi himmelfartsdag med mykje nedbør, og dette vatnet er omtrent det einaste vegetasjonen i Os får å drikka denne maimånaden.
Svakare vind og høgare temperatur
Pinsen har vore lettskya, men med vindstyrke på over 5 m/s og temperatur på «berre» 16-17 gradar.
I dag, andre pinsedag, skal temperaturen opp i 18-20 gradar, og i ettermiddag er det venta at vinden skal løya til 2-3 m/s.
Det er meldt sol og 18-20 gradar til og med laurdag, med noko aukande temperatur søndag og måndag.
Det lovar med andre ord bra for Torgfesten i Os sentrum til helga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.