Fint føre - lite fisk
Sesongopning i Oselvo: Det var snev av optimisme i sone 2 - men den varte ikkje lenge.
Ved midnatt natt til 1. juli opna årets fiske i Oselvo, to veker tidlegare enn i fjor, fleire veker seinare enn det som har vore mest vanleg dato for sesongstart dei siste åra.
– Det er betre vêr og meir vatn enn venta. Eg skulle gjerne vore éin sone opp, men er nøgd med å ha fått kort til opningsnatta, sa Olaf Aven ti minutt før start i sone 1.
Aven er frå Lindås, men jobbar på Os vidaregåande skule og har dei siste 7-8 åra vore aktivt medlem i Os Jakt og Fiskelag.
– Det blei lite fangst på meg i fjor, men det er no kjekt å fiska i Oselvo likevel, synest han.
– Midt i blinken
Svein Hansen frå Fana var heldig og vann loddtrekninga om den attraktive plassen i sone 2 opningsnatta.
– Dette er midt i blinken! sa Hansen minuttet før fisket starta.
– Det er to år sidan sist eg fiska på opningsnatta, då hadde eg kort i sone 4 og tok to laks, seier han.
Hansen har fiska saman med Kjell Olsen sidan 70-talet. Olsen, som fekk Oskar (første laks av medlem i Os JFL) i 2010, var også med i natt.
– Det er 10 år sidan sist eg fiska i sone 2 på opningsnatta. Forholda er uventa fine, regnet som kom laurdag har gjort elva fin, i tillegg er det lite vind og fin temperatur.
– No spørs det om det står fisk her, seier Olsen spent.
Kasta inn handkledet
På motsett side av elva sto som vanleg Bård Lyssand og Sjur Veim med kvar si stang.
Den første timen gjekk utan at nokon fekk fisk - eller napp.
– Eg hadde noko lite på kroken, men fekk det av igjen, seier Veim.
Olsen hadde mest tru på grålysinga, men blei verande å fiska med Hansen gjennom natta.
Lyssand og Veim tok turen heim igjen for å prøva igjen seinare.
Det har førebels, så vidt Midtsiden kjenner til, ikkje kome melding om fangst i Oselvo.
Har du fått fisk? Tips Midtsiden på 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.
Midtsiden samleside: Jakt og fiske