Lokal | 16. mai 2018

Fekk ein prat med «mc-banden»

– Det var greie gutar, eg trur ikkje dei ønskjer å bli fotgjengarar gjennom sommaren.

Fekk ein prat med «mc-banden»
To menn som bur i Os Sjøfront tok ein prat med unge mc-førarar som køyrde støyande motorsyklar ulovleg ut på moloen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. mai 2018 13:39

Dei siste vekene har politiet fått fleire meldingar i veka frå Nore Neset med klage på farleg køyring, leik i trafikken og støy frå mc-førarar.

Også frå Os Sjøfront har det kome klagar på støy og ulovleg køyring.

Møttest på moloen

Då ein gjeng unge motorsykkelførarar i 19.30-tida i går tok turen ut på nyemoloen ved Oseana, gjekk to menn som bur i Os Sjøfront ut for å ta ein prat med dei.

– Vi ville snakka MED dei, ikkje TIL dei, det har ikkje noko for seg å kjefta, seier ein av dei to.

Han ønskjer å vera anonym i denne samanhengen.

– Gutane var greie, det var ingen ufin tone. Vi fortalte at vi hadde gjort politiet obs på køyringa, og spurde om ikkje dei synest det var lurt å unngå førarkortbeslag no i inngangen på sommaren. Dei kan få mange fine veker å kosa seg på motorsykkel om dei følgjer reglane litt betre.

– Bør vera lett for politiet å slå ned på

Folk som bur på Os Sjøfront har spesielt reagert på støyen, og på at dei køyrer heilt ut på moloen.

– Vi forstår at det er spennande å køyra ut der, og at det er fleire som i finvêret vil ut til Mobergsvikjo. Men det er ikkje lov.

– Det er ganske godt skilta kven som har lov å køyra på moloen og ikkje. Du skal ha tung last og vera på veg til ein av båtane dine med denne, om du skal ha ein god nok grunn. Har du ikkje båtplass, eller køyrer rundt tomhendt på ein moped, så har du ikkje lov å køyra verken til stupebrettet eller ut på moloen.

Mannen meiner det bør vera enkelt for politiet å få til ein reakson ovanfør mc-førarane, både om dei køyrer på moloen og om dei sjekker kva lyd som kjem frå motorsyklane.

– Det er heilt tydeleg at fleire av desse har rota med anlegget sitt og støyar meir enn kva som er greit. Forskriftene er tydelege på kva som er lov og ikkje.

«Forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (kjøretøyforskriften)» seier i kapittel 24 litt om støy:

1. Motorvogn skal være innrettet og utstyrt slik at den ikke utvikler unødig eller generende støy.
2. Lyddempere skal ikke kunne settes ut av funksjon under kjøring.
3. Det skal ikke foretas endringer på lyddempere, motor eller annet som fører til høyere støynivå enn det som var tillatt for motorvognen ved første gangs registrering i Norge. Hvis motor eller eksossystem er endret slik at det ved en subjektiv bedømmelse kan være tvil om at dette er tilfelle, kan det kreves fremlagt dokumentasjon for at støynivået ikke overskrider det tillatte.

• Les heile forskrifta på lovdata.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.