I går starta den tre dagar lange jubileumsfesten til Er-An Veikro, her med Linda F. Andersen på panseret på bussen som er del av restauranten. (Foto: KVB)

Feirar 25 år med mat på Røykenes

– Dei første 20 åra levde eg som ein pensjonist. Du kan trygt seia at det no er ein annan kvardag, seier lattermilde Linda frå Er-An Veikro.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein pølsebod frå 50-talet blei eit lite gatekjøkken då Linda Furhovde Andersen i 1993 tok over svigerfamilien si sjappe. I desse dagar feirar ho 5 år med ny, amerikansk diner og til saman 25 år som eigar av Er-An Veikro.

– Dei første 20 åra opna vi til påske og heldt ope til seinsommaren. Haust og vinter var eg på Gran Canaria, der ungane gjekk på norsk skule og mannen min, Dag, kom på besøk så ofte han kunne.

Så var det nybygg og heilårsdrift frå våren 2013.

– Dei siste fem åra har gått fort. På éin måte kjennest det ut som mindre enn fem år, på ein annan måte har det skjedd så mykje at du skulle tru det var meir enn fem år.

Drive-in-kino og talentkonkurranse om hausten, import og innreiing av ein amerikansk skulebuss, parade, burning, konsert og fest 4. juli, bygging av venterom, graskarutstilling på halloween og eigen Elvis-avduking med påfølgande fest. I tillegg til fleire rock n roll-konsertar.

Det har vore tett med sprell, ulike stunt og arrangement gjennomført i tråd med stilen og slagordet Er-An Veikro har lagt seg på, «keep on rockin'». Driftsmessige høgdepunkt og utmerkingar har det òg vore, som kåring av god vegmat og beste kunde hos giganten Asko.

Ny kvardag som stor sysselsetjar

– Eg levde nærmast som ein sesongarbeidande pensjonist i 20 år, og no er i over på eit heilt anna tempo året rundt. Det hender at eg får spørsmål om eg angra, og det kan eg jo forstå, seier Linda og ler igjen.

– Men det er framleis gøy med ny kro, også no når alt ikkje er heilt nytt! Vi har testa ut mykje spennande og vi har vakse.
Er-An Veikro har 25 tilsette, 30 på det travlaste, og er oppe i 14-15 årsverk.

– Først  fjor gjekk selskapet over til AS, og det var òg første året eg har sett raude tal. Men eg er ikkje uroa. Det blei tatt ein del investeringar, ikkje minst i tilsette, der alle kokkar no har fagbrev, og vi er godt på veg også med servitørane. Lågsesongen i januar og februar er dessutan òg betre enn venta.

– I år vil vi ha fokus på det vi veit fungerer, vi vil bruka 2018 på å optimalisera drifta. Og på å planlegga neste steg.

Vil utvida i to retningar

Høgsesongen på Er-An Veikro er i gang. Restauranten, som har utvida med eige venterom, måtte umiddelbart dekka på bord også i venterommet. Laurdagar og søndagar er det kø, kvar helg må Linda be kundar reisa vidare andre restaurantar ho anbefalar.

Allereie før påske har familien Andersen måtta seia nei til fleire selskap, i alt 600 gjestar som fann seg ein annan stad å eta.

– Eg har fleire teikningar på to typar utvidingar, det eine er ei utviding av restauranten, det andre er eit frittståande selskapslokale.

– Alt tilseier at vi bør koma i gang med minst éin av desse ganske snart, og planlegginga av første trinn vil halda fram i år og kanskje realiserast i 2019.

Tradisjon og tilbakeblikk

Men først skal det feirast. I går starta Er-An Veikro si feiring av 25-årsjubileet, og då var svigermor Laila Andersen på plass for å spretta den spesialdesigna kaka.

Laila, Linda og Hanne Catrine utgjer tre generasjonar vegkro-drivarar.

– Vi feirer 5 + 25 år med 5 tilbod til 25 kroner. Det blei ein roleg førstetime i går, så tok det av. Vi ventar nokre travle dagar både i dag og i morgon, og når det no blir langhelg etter langhelg i mai.

Noko av det Linda synest er ekstra kjekt er tilbakeblikk på dei første 20 åra, og å at fleire av dei faste kundane frå 90-talet framleis er faste gjestar, no saman med familie og ungar.

– Den gong hadde eg eige kartokek med stamgjestar i, dei hadde eige hamburgerkort der dei fekk kvar tiande burger gratis, og der det sto oppført kva dei ville ha på burgeren sin.

– Ein av dei faste gjestane var «Do-gjengen». Eg trur dei fekk namnet sitt av at dei alltid hadde med seg ein do då dei skulle på fotballkamp. Om doskåla blei brukt som tribune eller innbytarbenk veit eg ikkje, men det var mykje løye med den gjengen, og fleire av desse ser eg framleis ofte på kroa, fortel jubilanten.