Lokal | 23. feb. 2011

Får 10.000 kroner dagen

Kronerullinga for Erik Tysse får brei og massiv støtte. - Dette er rørande, seier kappgjengaren.

Får 10.000 kroner dagen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. feb. 2011 12:05

Onsdag førre veke starta kronerullinga til støtte for den dopingdømte kappgjengaren Erik Tysse si ankesak. Initiativet til Einar Vevatne og Erling Andersen har til no resultert i over 48.000 kroner på konto.

- Det starta med over 7000 kroner første dag og nye 10.000 neste dag. Også dei to siste dagane har det kome inn rundt 10.000 kroner dagen, seier Erling Andersen nøgd.

Kvar dag skriv han oppdatert sum inn på kampanjesida, kronerulling.net.

Frå inn- og utland

Kampanjen fekk mykje presseomtale i førre veke, og støtta kjem inn frå både Os, Fusa, Bergen og Bømlo, der kona til Erik, Kristin, kjem frå. Nokre set pengar direkte inn på kontoen, andre gjev via dei ni bøssene som er plassert på ulike butikkar i Os.

- Men vi får også inn pengar frå andre delar av landet, og har fått førespurnadar frå utlandet om å skaffa betalingsinformasjon for overføring over landegrensene, seier Andersen.

Han fortel at dei fleste gjev pluss-minus 300 kroner, men at det også er fleire privatpersonar som gjev så mykje som 1000 til 5000 kroner. Førebels er det få bedrifter på gjevarlista.

Ein siger i seg sjølv

Erik Tysse og familien har sidan i sommar klart seg på inntekta til kona, støtte frå familie og venar og refinansiering på bustaden. I tillegg til å vera utan jobb har han brukt mellom 500.000 og 1 million kroner på å visa at han er uskyldig.

- Det er rørande at Einar og Erling starta denne kronerullinga og overveldande med sånn respons, seier Erik, som reknar med å bruka ein ny halvmillion på å anka saka til den internasjonale voldgiftsretten for sport (CAS) i Lausanne i Sveits.

- I verste fall når du ikkje gjennom med anken. Likevel kan du frå sommaren 2012 vera tilbake, og støtteerklæringane viser at mange trur deg. Opplever du dette som ein liten siger?

- Ja, heilt klart. Kronikken i BT, der avansert biokjemi blei forklart på ein folkeleg måte, gjorde det lettare for folk å forstå korleis det kunne vera mogleg at eg er uskyldig.

- Eg har fått mykje støtte heile vegen, og har no fått både stadfesta det eg hadde inntrykk og håp om, at folk trur meg. Dette har gjeve meg styrka kamplyst, seier Erik Tysse, som både i rettsapparatet og i trening held fram med å kjempa seg tilbake der han var før den tunge sommaren 2010.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.