Lokal | 18. mai 2018

Fann éin kilo hasj

Politiet gjorde narkotikafunn på 17. mai.

Fann éin kilo hasj
Ein mann i 50-åra blei tatt med til arresten etter at politiet fann éin kilo hasj (ill.foto: AH)
Andris Hamrefredag 18. mai 2018 07:29

I det store og heile har det vore ei stille og roleg 17.maifeiring i Osbygda.

– Det har gått fint for seg både i Os sentrum og rundt i krinsane. Heller ikkje russen har det vore noko tull med, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Stort funn under ransaking

Litt har likevel politiet hatt å gjera på.

– Tidleg på kvelden i går gjennomførte vi ransaking på ein bustad på bakgrunn av mistanke om at det kunne vera narkotika der, og det var det.

Det blei funne om lag éin kilo med hasj.

– Ein mann i 50-åra blei pågripen og sett i arresten. Han vil bli avhøyrd i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.