Fakkeltog i Os
Minnast ofra: Måndag klokka 12 blir det eitt minutt stille over heile landet, måndag klokka 18 er det fakkeltog fleire plassar, blant anna i Os.
• Fredag 22. juli klokka 15.26 gjekk det av ei bombe i Oslo sentrum.
• 7 personar omkom, 30 blei skadd.
• Klokka 17.27 kom melding om skyting på Utøya, der AUF hadde sommarleiren sin.
• 86 personar blei drept, 66 er skadd og fleire er framleis sakna.
• Anders Behring Breivik (32) er arrestert og sikta for massakren.
Klokka 12.00 måndag er det eitt minutt stille til minne om ofra, klokka 18 i kveld blir det fakkeltog i Os sentrum.
«Os kommune tar initiativ til fakkeltog på Osøyro mandag kveld kl 1800 for å minnes ofrene fra Oslo og Utøya - dette blir en nasjonal markering med fakkeltog over hele landet. Oppmøte v/Rådhuset kl 1800 og fakkeltog til Minneparken for en markering der. Vi oppfordrer flest mulig om å ta med egne fakler. La oss stå sammen og minnes ofrene, og slå ring om våre felles demokratiske verdier» skriv ordførar Terje Søviknes på Facebook.
I minneparken vil det bli ei markering med tale ved ordføraren, representantar frå Os Arbeiderparti og kyrkja.
Om du ikkje får tak i fakkel kan ei rose vera ei god erstatning.
Fakkeltoget har blitt oppretta som ei hending på facebook kor ein kan invitere venar til å delta.
Kommunen oppfordrar folk til å stille med eigne faklar. Dersom nokon har faklar tilgjengeleg vil Os kommune gjerne koma i kontakt med dei.
Eitt minutt stille
Regjeringa har erklært eitt minutt stille i samband med angrepa på Utøya og regjeringskvartalet.
Statsministeren vil innleia nasjonal stillheit måndag 25. juli kl 12.00, frå Universitetet sin aula.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.