Lokal | 09. sep. 2010

Etterlyser fotgjengarfelt

Caroline (7) kosar seg på skulen, men å komme seg til og frå kan være litt skummelt, spesielt når ho skal krysse Skeisflaten ved Ulvenvegen.

Etterlyser fotgjengarfelt
Andris Hamretorsdag 09. sep. 2010 09:57

No etterlyser Caroline og pappa Egil Krukhaug fotgjengarfelt og skilt i krysset.

- Vi blei fortalt for ei stund sia at det skulle kome striper i vegen, men ingenting har skjedd, seier Egil Krukhaug.

Litt skummelt
Caroline bur på Askvikneset og må krysse Skeisflaten ved Irgenskrysset for å kome til dei 27 klassekameratane i andre klasse på Nore Neset skule.

- Vi føler oss ikkje trygge på at bilistane ser Caroline når ho skal krysse vegen, så vi har valgt å kjøre ho hit, slik at vi veit at ho kjem seg trygt fram, fortel Krukhaug.

- Skilt som markerar fotgjengarovergang og striper i vegen ville ha hjulpe, då hadde bilistane blitt klar over at her kunne det koma fotgjengarar, meiner han.

Midtdelaren som er laga i krysset ser ut som om han er foreberedt for fotgjengarfelt, men det hjelp ikkje når gjerdet på eine sida sperrar overgangen.

Stor trafikk
Midtsiden møtte Caroline og Egil då Caroline var på veg til skulen onsdag morgon. For moro skuld tok vi ei kjapp trafikkteljiing mens vi sto der. I løpet av fem minutt passerte 28 bilar den aktuelle staden, tildels i høg hastigheit.

Staten vegvesen sitt ansvar
Ein telefon til Os kommune avdekkar at det er Statens vegvesen som har ansvaret for trafikksikring på staden.

- Det er Statens vegvesen som har ansvaret og som avgjer kva som skal gjerast av trafikksikringstiltak på fylkesvegane, fortel Kirsti Runi Huse på teknisk drift i kommunen.

- Vi rullerte trafikksikringsplanen for kommuen for omlag eitt år sia, men eg kan ikkje huske at dette krysset var opp då, fortel Huse.

Lokale velforeningar bør søkje
Den vanlegste framgangsmåten om ein ønskjer eit trafikksikringstiltak i nabolaget er at ein går saman gjennom velforening, FAU eller tilsvarande og søkjer til kommunen.

- Det er vi som søkjer til Statens vegvesen, men vi tek gjerne i mot søknadar frå lag og grupperingar om dei meiner det er stader det må gjerast noko, forklarar Huse.

Når det gjeld fotgjengerfelt i krysset Ulvenvegen/Skeisflaten vil ho undersøke med Statens vegvesen om det står noko på planen. Hvis ikkje er altså anbefalinga å senda inn ein søknad til kommunen som dei kan ta vidare med Statens vegvesen.

Midtsiden har forsøkt å få tak i «rette vedkommande» i Statens vegvesen, men ikkje lukkast i løpet av det siste døgnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.