Sport | 10. feb. 2011

- Erik er uskyldig

Prøvane til Erik Tysse er lagra feil, noko som har ført til danning av CERA-liknande teikn, seier norske biokjemikarar.

- Erik er uskyldig
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. feb. 2011 09:06

- Dei har ikkje lagt fram bevis for at det var CERA i Erik Tysse sin urin, skriv Tore Skottland, Helge Oftebro og Bjarne Østerud i eit innlegg på BT.no i dag.

Tore Skottland er dr.philos. i biokjemi ved UiB, Helge Oftebro er dr.med. og tidlegare leiar av dopingseksjonen ved Aker sjukehus og Bjarne Østerud er professor ved Universitetet i Tromsø. Dei tre var sakkyndige i saka mot Tysse, som i førre veke enda med dom og utestenging.

Både laboratoria og domsutvalet meiner prøvane er forskriftsmessig lagra, men funnet av ulike hormonmengder beviser det motsette, meiner dei norske biokjemikarane.

Samstundes som analysedata viser at urinen inneheld færre av Tysses eigne hormonar (EPO) etter «forskriftsmessig» lagring i berre to dagar, påviser laboratoriet at banda dei tolkar som nærvær av CERA er meir intense.

Dette meiner dei norske biokjemikarane tyder på at det laboratoriet har «påvist» som CERA er noko som blir danna av EPO under lagring, når lagringa ikkje har vore god nok, noko den ifølgje Skottland, Oftebro og Østerud ikkje har vore.

- Ut frå den første dommen synes det som det trengs meir enn to biokjemikarar for å overbevisa retten om at tre dopinglaboratorier tar feil. Vi håper at mange med erfaring i desse metodane vil bidra i ein aksjon for å hindra «justismord» av Tysse, skriv dei avsluttingsvis.

Les heile innlegget på BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.