Positiv sirkulering mellom Holt, Moberg og Oseana - kjøt fôra på mask frå ølbrygging servert på Oseana - under ølfestivalen. (Foto/manipulasjon/kart: KVB/AH/kartios.no)

Eit triangel av kjøt og øl

Ølfestivalen 2018: Oseana vil bruka kjøt frå Moberg som blir fôra på mask frå ølbrygging i Holtbrekka.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

10 mikrobryggeri stilte med til saman 61 ølsortar til 500-600 besøkande då Oseana i 2015 arrangerte ølfestival for første gong.

Laurdag 30. juni er det tid for Oseana Ølfestival igjen.

• Les òg: Må ha minst éin lokal ingrediens

Eit av kriteria til årets deltakarar er at dei må ha minst éin lokal ingrediens. No er kjøkkenet på Oseana ikkje mindre rettvis enn at dei stiller tilsvarande krav til seg sjølv, og det resulterte i eit resirkulerande triangel av kjøt og øl.

Oksekjøtet kokkane vil bruka kjem nemleg frå Erlend Moberg sin gard, 800 meter frå Oseana, på Moberg. Desse blir fôra på mask (maska korn frå ølbrygging) frå blant anna Bjørnafjorden Bryggeri, som held til i Os Næringspark i Holtbrekka, 800 meter frå Oseana og Moberg.

– I samband med festivalen byr vi på ein femrettars «beermakers dinner», éin rett til fem ulike sortar øl. Menyen er ikkje heilt ferdig, men minst éin av rettane får kortreist kjøt frå limousin-okse frå Moberg, fortel kjøkkensjef Bartek Lauchstaedt frå Oseana Kafé og Restaurant.

Der premien skal «hentast»

Bjørnafjorden Bryggeri, som Erlend Moberg er engasjert i, blei starta i 2017.

• Les òg: Fullt hus på lansering av Bjørnafjorden Bryggeri

Dei er medarrangør, og vinnaren av årets ølfestival får brygga ølet sitt hos Bjørnafjorden.

Næringsrikt tilleggsfôr

– Eg bruker mask av kveite og bygg. Å bruka mask som tilleggsfôr er ikkje noko nytt, bønder har reist til bryggeri og henta mask i generasjonar, seier Erlend.

Han overtok foreldra sin gard i 2010, og la om frå mjølkeproduksjon til kjøtproduksjon, der han satsa på storfe av arten limousin.

– Eg har fôra både storfe og sau med mask som tilleggsfôr i 2-3 år. Det er god gjenbruk, det er med på å redusera bruken av kraftfôr og det er kanskje med på å gje kjøtet ein ekstra god smak. Mask er næringsrikt, spesielt når det kjem frå mikrobryggeri. Eg bruker mask frå både vårt eige bryggeri og frå 7 Fjell.

Brygging av ein batch med øl resulterer i tre spann, rundt 200 liter, med mask.

Ungoksen (12-13 månadar) som skal serverast på Oseana blei slakta i førre veke. I går var vi med på fôring og fotosession av resten av dyra som over 17. mai skal ut på beite.

Der var òg den ruvande eliteoksen Fabian, den 980 kilo tunge oksen som publikum kunne tippa vekta på under Bondens Dag i fjor.

– Han sto på Hamar før eg fekk han, og er far til både ungoksen som skal i Oseana og mange av dei andre dyra mine. Eg trur han gler seg til å koma på beite, og til paringssesongen er i gang for fullt.