Lokal | 12. aug. 2016

Duka for fiskefest i Øyane

Laurdag opner Kystsogevekene. – Tradisjonen tru starter vekene med fiskekonkurranse i Øyane, fortel Kjetil Osablod Grønvigh.

Duka for fiskefest i Øyane
Eirik og Gabriel med fangsten dei fekk i fjor (foto: Kari M. Lyssand)
Andris Hamrefredag 12. aug. 2016 08:51

Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 av kystkommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. For 20. gang blir vekene, som skal sette kystkulturen i sentrum arrangert.

– I Os følgjer vi den same malen som tidlegare år og starter med fiskekonkurranse først kommande laurdag. Det er berre å møte opp ved Bunnpris på Vedholmen frå klokka 11.30, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, kulturkonsulent i Os kommune.

Frå land og båt

Konkurransa er det Os småfiskarlag som står for i samarbeid med kultureininga.

– Dei har eit velfungerande maskineri som tek seg av konkurransa på ein ypperleg måte. Her er det berre å ta med redningsvest, fiskeutstyr og stille.

– Sjølve konkurransen startar klokka 12.30 med opningstale av varaordførar Marie Bruarøy. I tillegg vil Kurt Røttingen og Erik Rolland stå for musikalske innslag på kaien.

– Eg reknar med at det også i år blir yrande liv og røre på kaien med lotteri og sal av mat. Det er rett og slett ei utruleg fin sosial hending.

Tre veker til ende

Kystsogevekene er verkeleg eit arrangement som strekk seg over fleire veker. Etter opninga med fiskekonkurranse laurdag, held den fram med Utstillingsopning hos Vedholmen Galleri laurdag 20. august. Der er det målar Line Hvoslef som stiller ut og Opera Omnia med Heidi Tronsmo, Øivind Hånes og Glenn Erik Haugland som står for det musikalske under vernissagen.

Helga etter er det bondens dag i Os sentrum, før vekene blir runda av med Oselvarfestivalen i Os sentrum laurdag 3. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.