Draumedebut av Instebø
Erlend O. Instebø hadde vore ti sekund på banen då han sikra 6-0-siger til Lysekloster.
Bildeserie:
Lysekloster klatra i dag frå 4. plass til toppen av tabellen med solid 6-0-siger over Vardeneset, som låg på 3. plass. Før Brodd, som har spelt éin kamp meir, vann 5-1 over Fana då dei i ettermiddag spelte 6. runde.
– Vi har full kontroll defensivt, men eg skulle helst sett at vi skåra meir i forhold til sjansane vi skapte, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
– Vardeneset var overraskande svak motstand, truleg det svakaste vi har møtt i år, treningskampar inkludert.
Lysekloster leia 2-0 til pause og hadde ein serie med målsjansar før dei i 62. minutt fekk fart på sakene igjen.
Fin debut av Hadler-Olsen og Instebø
To av dei unge talenta Lysekloster har hatt med seg i vinter, Lars Hadler-Olsen (frå 77. minutt) og Erlend O. Instebø (frå 90.), fekk debuten sin i dag.
– Begge leverte godkjent. Lars var stødig i forsvar og Erlend sørgja for 6-0-skåring på første touch på ballen i 3. divisjon.
Skåringa blei rett nok bokført som sjølvmål av Vardeneset, men innlegget av Instebø var så vidt borti motstandar før det landa i nota.
Lysekloster - Vardeneset 6-0 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: André Matos, Stian Dyngeland, Vladan Radojkic, Mats Walberg og sjølvmål (framprovosert av Erlend O. Instebø).
Fleire kampfakta på fotball.no
Neste heimekamp for Lysekloster blir toppkamp mot Brodd 2. juni, men først ventar to bortekampar (Brann 2 og Tertnes).
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.