Lokal | 21. aug. 2016

To dømt for promillekøyring i Øyane

Den eine blei tatt søndag formiddag i april, den andre hamna i grøfta natt til ein laurdag i mars.

To dømt for promillekøyring i Øyane
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2016 11:32

To menn frå Os, begge i starten på 20-åra, er dømt for promillekøyring.

Begge blei tatt på Røtingavegen våren 2016.

Han eine køyrde utfor og knuste fronten på bilen klokka 01.35 natt til ein laurdag i starten på mars.

Blodprøve tatt klokka 02.57 viste ein promille på 1,21.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han blei dømt til 18 dagar fengsel utan vilkår, 50.000 kroner i bot og til tap av førarretten i to år.

Høg dagen derpå-promille

Han andre som no er dømt blei kontrollert klokka 12 ein søndag formiddag i slutten av april.

Politiet fatta mistanke om at vedkomande ikkje var edru og blodprøve tatt klokka 12.53 viste ein promille på 1,29.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han blei dømt til 18 dagar fengsel, 30.000 kroner i bot og til tap av førarretten i to år.

Begge vedtok dommane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.