Kultur | 18. mai 2018

Det starta med to kusiner på Cava-kvelds på Borgafjellet

I går var femten turgåarar på «Finstas-Topptur». Nær toppen fekk dei seg ei overrasking frå buskane.

Det starta med to kusiner på Cava-kvelds på Borgafjellet
Desse femten turgåarane avslutta nasjonaldagen i finstas på Borgafjellet. (Foto/sjølvutløysar: Frank Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mai 2018 12:22

Bildeserie:

Aina, Tone Linn og Kjetil. (Privat foto)
Aina, Tone Linn og Kjetil. (Privat foto)
I marsj frå Hjelle. (Privat foto)
I marsj frå Hjelle. (Privat foto)
Alle i finstasen. (Privat foto)
Alle i finstasen. (Privat foto)
– Kjekt at så mange blei med, seier Aina. (Privat foto)
– Kjekt at så mange blei med, seier Aina. (Privat foto)
Neste år kan også du avslutta nasjonaldagen på ein kul måte. (Privat foto)
Neste år kan også du avslutta nasjonaldagen på ein kul måte. (Privat foto)
1 av 5
Aina, Tone Linn og Kjetil. (Privat foto)
I marsj frå Hjelle. (Privat foto)
Alle i finstasen. (Privat foto)
– Kjekt at så mange blei med, seier Aina. (Privat foto)
Neste år kan også du avslutta nasjonaldagen på ein kul måte. (Privat foto)

Det er ikkje berre Kultur-Kjetil i 17. maikomiteen som kan laga ny vri på gamle tradisjonar, før årets feiring dukka det opp eit nytt arrangement på Facebook, «Finstas-Topptur», med Osablod Grønvigh sin trulova, Aina Sælen Grønvigh, som initiativtakar.

– Eg inviterte saman med kusina mi, Tone Linn Knutsson. For fire år sidan tok vi turen saman på kvelden 17. mai. Så blei det tradisjon, og i år tenkte vi at vi kunne invitera flest mogleg andre med oss opp, fortel Aina.

I 2015 sat Aina og Tone Linn mette av rømmegraut og fekk akutt behov for frisk luft og litt rørsle.

Ikkje hadde dei fått champagnefrukost den dagen heller. Det einaste sprudlande dei hadde for hand var av spansk merke, dermed blei det cavakvelds i finstasen.

– Året etter var Kjetil med. Ingen av oss hadde gått med bunad på dagtid, men vi tok den på før vi gjekk til fjells. Vi gjekk naturlegvis i fjellsko, ikkje for å provosera dei som ser etter feil i antrekket, men for å spara finskoa for slitasje.

Også i 2017 var dei tre til fjells, Aina, Kjetil og Kenneth Hausberg, men etter å ha laga eit arrangement var det fleire kjente og ukjente som heiv seg med.

Høyrde Os-songen frå buskane

«Lyst å avslutte årets 17. maifeiring med flagget til topps?» sto det i invitasjonen.

13 turgåarar møtte fram på Hjelle til annonsert tidspunkt, klokka 19.

Men dette var ikkje heile turfølgjet.

– På veg mot toppen høyrde vi plutseleg Os-songen ljoma frå buskane. Ut frå skogen kom ekteparet Cecilie og Frank Baggen med ein høgttalar og eit lurt smil.

– Folk byrja spontant å synga med, nesten før dei forsto kva som skjedde. Enkelte blei så rørt at det også kom ei tåre. Det var ei veldig kjekk overrasking! synest Aina.

Det blei ikkje berre cava i år, folk hadde meddet dei sjølv ønskte.

– Folk feira med alt frå Herbalife til Guinness. Det var kjekt med endå fleire deltakarar, og når vi neste år lager arrangement er det stas om folk deler med venar så vi blir ein endå større finstas-gjeng!

Sjå video av den overraskande Os-song-sekvensen:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.