Lokal | 18. aug. 2016

– Det handler om gode vaner

På landsbasis er 16% av åtteåringane overvektige. I Os ønskjer kommunen å gjera noko med det gjennom kurset FriskOs.

– Det handler om gode vaner
Kommunefysioterapaut Margunn Lunde Hetlevik, helsesøster Eva Kleive og leiar for frivilligsentralen Karen Hope Nilsen ønskjer å starta opp nytt FriskOs-kurs (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2016 09:05

I fjor haust starta Frisklivssentralen i samarbeid med helsestasjonen og kommunefysioterapeut opp livsstilskurset FriskOs, eit kurs for familier med barn som ønskjer ei livsstilsendring i høve kosthold, aktivitet og vekt.

– Tilbakemeldingane vi har fått frå dei sju familiane som deltok er så gode at vi no har lyst til å starta opp eit nytt kurs, fortel Eva Kleive, helsesøster i Os kommune.

Kor stor skål set du fram?

Kurset er ikkje eit slankekurs, men ei hjelp til å setta fokus på gode vaner.

– Det er ikkje berre å seie at du må eta mindre og trimme meir. Det handler om å endra innarbeidde vaner til det betre. Då må heile familien vera med. Det kan gå på heilt enkle ting som størrelsen på tallerkenen eller snopskåla ein koser seg meg laurdagskveld. Du veit at ei lita skål ser fullare ut enn ei stor med same mengde snop.

– Det går også på enkle ting som å drikka vatn i staden for brus til middagen og korleis rammene rundt middagen er. Tek ein seg tid til å eta saman i ro og fred, spør Karen Hope Nilsen, leiar for frisklivssentralen.

Praktiske tips og råd

Deltakerane på kurset, som er for born i 1. - 4. klasse og familiane deira, blir følgd opp gjennom eit heilt skule år.

– I fjor hadde vi 12 samlingar med foreldra og 20 med borna. Medan borna var aktive i gymsal eller ute, så hadde vi ulike tema og gruppearbeid som tildømes gjekk på søvn, grensesetting og praktisk matlaging med foreldra. Noko av det vi ønskja å visa er at det treng ikkje ta meir tid å laga sunn og god mat enn det gjer å berre raske med seg noko frå «den usunne hylla» på butikken.

– Kurset er ikkje ei behandling, men eit lavterskeltilbod kor målet er hjelp til selvhjelp. Det er ikkje slik at vi har ei løysing, kor vi seier gjer dette så ordnar det seg. Kvar familie må finna ut kva som fungerar for dei, men vi skal hjelpe dei med å finne verktøya til ei livsstilsendring, forklarar Hope Nilsen.

Treng minst 6 familiar

I fjor var det sju familiar som deltok på kurset.

– Det var ei veldig fin gruppe. Vi bør nok vera minst seks familiar for å starte opp i haust, men vi kan òg vera opp mot tolv. Det går heilt fint. Det er berre å ta kontakt med frisklivssentralen, helsestasjonen eller helsesøster på skulen om ein er interessert, avsluttar Kleive.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.