Næringsliv | 18. aug. 2016

– Det er interessentar på banen

Etter at Torggata 2 blei lagt ut for sal i juni har fire-fem seriøse interessentar meldt seg. – Men kommunen må seie kva dei faktisk vil med sentrum, seier meklaren.

– Det er interessentar på banen
Fire-fem seriøse interressentar har meldt seg for å kjøpa Torggata 2 (illustrasjon på korleis bygget kan sjå ut med 5 etasjer: Privatmegleren)
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2016 12:22

I midten av juni la Bjørn Arne Braathen i Privatmegleren ut Torggata 2, Drageset-bygget, i Os sentrum ut for sal på vegne av dei noverande eigarane med ei prisantydning på 25 millionar kroner.

– Det har vore, og er, ein fire-fem seriøse interessentar på banen som ser på kva dei kan få til og kor mykje dei kan hente ut av kvar krone dei investerer. Det er slik det foregår. Det er eit puslespel som investorane skal få til å henge i hop, forklarer Braathen.

– Må bestemme seg

Braathen peiker på at det er viktig kva kommunen bestemmer seg for i den områdereguleringa ein no jobbar med for sentrum.

– Eg er spent på dei nye planane. Dei reguleringsplanene som gjeld for sentrum no, er ikkje fornuftige for utbyggjarane. Det er rett og slett ikkje nok areal til å gjera prosjektet lønsamt. Dei treng å få byggje fleire kvadratmeter for å få prosjektet lønsamt. Difor blir det interressant å sjå kva politikarane bestemmer seg for. Kor høgt skal ein få lov å byggje, fire-fem eller seks etasjer? Skal ein få til ei utvikling på Osøyro treng dei som skal investera å få lov til å byggje ut nok kvadratmeter.

– Og kva gjer ein med parkering. Praksisen som har vore med å kjøpe seg fri frå parkeringsplassar, utan at det er ein plan på korleis løyse den framtidige parkeringa er hol i hovudet. Også der må politikarane vera framoverretta og tydeleg på korleis dei vil løyse det. Det same gjeld forsåvidt også grøntområder. Det er ikkje meint som kritikk til kommune, men det er av stor betydning for utbyggerane, seier Braathen.

Trur på sal

Braathen trur likevel at eit sal skal la seg gjennomføra.

– Så det er ikkje slik at investorane vil venta til kommunen er ferdig med områdereguleringa?

– Nei. Eg har tru på eit sal før det arbeidet er ferdig, men det vil nok ta noko tid før det er gjennomført, avsluttar Braathen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.