Lokal | 27. apr. 2016

– Det blir dirigering

Vegvesenet innfrir nærmast alle ønskja frå foreldreutvalet ved Os barneskule i samband med omkøyring frå Halhjem om Os sentrum.

– Det blir dirigering
Overgangen i Mobergssvingen er ein av dei to som blir bemanna når elevane skal til og frå skule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2016 12:39

Ved midnatt søndag, natt til måndag 2. mai, stenger E39 frå Moberg til Svegatjørn retning nord.

Måndag som var hadde foreldreutvalet ved Os barneskule m��te med Os kommune og Statens vegvesen om trygging av skulevegen.

– Vi held no på å svara Os barneskule på epost at vi stiller med dirigering på begge overgangane frå måndag av, seier prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen.

Også fartshump ved fotgjengarovergangane ved Midtskogvegen kjem på plass snarast.

Bemanna i 1 + 3 timar

Dei to gangfelta blir bemanna ein time om morgonen og tre timar på ettermiddagen.

– På ettermiddagen blir det frå klokka 12 til 15, i tråd med ønsket frå elevane sine foreldre.

Reduserer ikkje fartsgrensa

Eit anna ønskje som kom var å redusera fartsgrensa frå 50 til 40 km/t.

– Om det er kø vil dette regulera seg sjølv, farten blir ikkje høg i dei mest trafikerte tidene, det veit vi som køyrer heim frå Bergen i 15-16-tida, sa leiar for trafikktryggleikutvalet i Os kommune, Gustav Bahus.

Ottesen er einig.

– Vi ventar uansett med å redusera fartsgrensa. For det første er det ein litt omfattande prosess, for det andre er det ikkje sikkert at innbyggarane i Os synest det er greit å køyra i 40 km/t når det ikkje er kø og det ikkje er skuleelevar langs vegen.

E39 retning nord blir stengt i fire månadar frå måndag. På ferjene kjem det informasjon på skjermane om omkøyring med oppmoding om å køyra varsamt og ta omsyn gjennom Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.