Sport | 14. mai 2018

Dagens derby: Os 2 - Søfteland

– Mykje står på spel i dag, seier Søfteland-trenar Roar Wold.

Dagens derby: Os 2 - Søfteland
Tidlegare Os- og Lysekloster-spelar Johannes Jordal, her i kamp for Søfteland i fjor. I bakgrunnen; Martin Eidsvik, med tilsvarande CV, som no trener Os 2. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. mai 2018 09:54

Fredag var eit av årets derby i Osbygda, då tok Nore Neset/Lysekloster 2 imot Os 3. Os 3 gjekk i føringa ved Adrian A. Jacobsen i 24. minutt, men heimelaget utlikna ved Erlend Instebø i 44. minutt. Lars Hadler-Olsen fekk raudt kort, men Os 3 klarte ikkje å utnytta overtalet og 6. divisjonskampen enda 1-1.

I kveld er det duka for nytt lokaloppgjer, denne gong 5. divisjon, på Kuventræ (frå kl 19).

Både Os 2 og Søfteland har hatt ein god start på sesongen, Os 2 med siger i dei to første og 2-2 mot serieleiar Osterøy. Så snubla dei mot Nymark og tapte 5-1. Søfteland har vunne 4 av dei 5 første, og har levert protest på Varegg 2, som dei tapte 1-0 for.

Terminliste og tabell

Os 2 på 4. plass står med 10 poeng og 19-11 i målforskjell før dagens kamp, Søfteland på 3. plass med 12 poeng og 14-4. Begge har spelt fem kampar.

Møter «seg sjølv» og gamle lagkameratar

– Dette blir eit lokaloppgjer utan sidestykke! Her har vi ei salig blanding av spelarar og trenarar som har bakgrunn frå begge klubbane, seier Søfteland-trenar Roar Wold.

Mange av spelarane på Søfteland har spelt for Os. Os 2-trenar Martin Eidsvik spelte for Søfteland i fjor. Søfteland-spelar John Ole Johannessen, er framleis med og trener Os 2.

– Kampen betyr mykje for spelarane, men den betyr òg ein del for laga. Begge har lyst å henga med i toppen.

– Håper det blir fotball, ikkje krig

Wold seier han har valt tropp frå ein skadefri stall og stiller sterkt i dagens bortekamp på Kuventræ.

– Eg hadde trudd at Os kanskje tok ned nokre fleire frå A-laget til denne kampen. Samtidig er dei kanskje redde for at det skal bli skadar i lokaloppgjeret.

Her er troppane til dagens kamp:

Os: Frode M. Øvredal, Jonas F. Hovland, Trym F. Hjørnevik, Steffen Å. Ljosheim, Steffen Kvamsdal, Joakim K. Forstrønen, Fabian Bødtker, Harry J. Moore, Sander F. Kvittingen, Anders H. Havsgård, Alexander M. Tøssebro, Divaldo Cardoso, Mats Fjelltveit, Erlend Ø. Hevrøy, Simon M. Søvik og Ludvig E. Drange.

Søfteland: Even Bjoarvik, Dani A. Bergstø, Kristoffer Skjelde, Håkon H. Hanssen, Per Martin Sælen, Vegard S. Hjelle, Remy A. Søfteland, Sindre Jacob Råheim, Simon H. Aasen, Johannes Jordal, Steffan M. Bernsen, Tom Gabriel Ø. Rondestveit, Andreas S. Lindborg, Thomas Blomberg, Christiffer Ø. Hevrøy, Henning W. Gjelsvik og Mats Lepsøe.

– Enkelte her føler nok at dei må vinna kampen for å våga å gå i 17. maitog i år, men eg får verkeleg håpa at det blir ein god fotballkamp, ikkje berre kriging. Men begge lag er så disiplinerte og spelande at eg trur det skal bli både underhaldande og mykje bra spel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.