Lokal | 15. aug. 2016

Brannvesenet skal øva

Ser du røyk frå Lunde-området i dag er det inga grunn til uro. – Vi har ei øving og skal brenna ned ei gamal løa, seier Arne Monsen.

Brannvesenet skal øva
Om du ser røyk og flammar på Lunde i dag, så er det inga grunn til uro. Det er brannvesenet som øvar (arkivfoto: KVB)
Andris Hamremandag 15. aug. 2016 07:04

Omlag klokka 10 måndag morgon set brannvesenet fyr på ei gamal løa i Torkjelsvegen på Lunde.

– Det kjem til å bli eindel røyk, men det er inga grunn til å ringa 110. Det er vi som held på med ei kontrollert nedbrenning, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Skal studera flammane

Sidan løa er såpass gamal og tørr går ikkje brannvesenet inn med røykdykkarar denne gongen.

– Denne gongen blir det ei meir brannteknisk øving. Løa har eit ståltak, så vi kjem til å studera korleis flammane utviklar seg i forhold til det. Ellers blir det ei øving på å ha kontroll på flammane og omgjevnadane, avslutter Monsen.

Torkjelsvegen kan bli stengd i perioder under øvinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.