«Brakkene» på Søfteland bør kanskje ikkje flyttast
Lesarinnlegg: Når skulen treng ekstra areal bør det vurderast å lata brakkene etter barnehagen stå.
Eg er enig med Eirik Andre Hesthamar og Gustav Bahus i at kommunen må stå ved sine lovnadar, men når skulen vår treng ekstra areal og ser brakkene som eigna lokaler for mellom anna SFO, meinar eg det må vurderast å la dei stå og bli nytta til det formålet.
Søftelandsbygda veks raskt. Me får mange nye unge familiar i bygda og ein ser alt at areala til skulen er for knappe. Som kommunalt valt representant i Samarbeidsutvalet for Søftland skule har eg gleda av å følgja nøye med i denne utviklinga. Skulen har alt signalisert behova til administrasjonen i kommunen.
Når no Hjellemarka barnehage flyttar ut av dei midlertidige lokala som ligg like ved skulen, bør det vurderast om ikkje dette, i alle fall midlertidig, kan vera lokaler som kan nyttast til dømes for SFO.
Som Hesthamar og Bahus peikar på i innlegget sitt i media denne veka, er det også snakk om å halda det kommunen tidlegare har lova. Lovnaden var at brakkene skulle vera midlertidige og me skulle få tilbake sykkelcrossbanen som bygda lagde på dugnad.
Om brakkene no likevel vert ståande, men nyttast av skulen, kan ein vurdera å riva den gamle bygninga til Nøtteliten barnehage (som står til nedfall like ved) og leggja til rette for sykkelcrossbane der. Skulen og arealet rundt den vil då utgjera eit samla og godt tilrettelagt område for born og ungdom i bygda med barnehage, barneskule, SFO, friplass, leikeplass, ballbinge, sandvolleyballbane, sykkelcrossbane og skaterampe.
Kommunen treng budstadar til dei nye sambygdingane våre – dei 45 flykningane me årleg har vedteke å busetja i Os.
Eg er sikker på at kommunen kan finna mykje betre løysningar på dette enn å flytta brakkene, slik Hesthammar og Bahus foreslår.
Ei slik løysing vil i alle høve kun væra midlertidig. Dette er folk som eg vonar vil busetja seg fast her og bli osingar. Ein må då søkja meir permanente løysningar. Det er vel også slik at kommunen normalt ikkje ville regulert dette arealet til bustadformål.
Sveinung Stensletten
Kommunalt vald representant for Venstre i SU ved Søfteland barneskule