Lokal | 26. mars 2018

Betre rettigheiter for forbrukarane

Lesarinnlegg: Ny pakkereiselov gir betre rettar for forbrukarane.

Betre rettigheiter for forbrukarane
Ny pakkereiselov sikrar forbrukarane, skriv Laila Reiertsen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 26. mars 2018 08:35

I desse dagar legger mange ut på påsketur enten til fjells eller til varmare strøk. Når ein reiser til det store utland er det framleis mange som kjøper pakketurar. Nokså sutlaust. Men fleire og fleire ordnar reisa si sjølv. Det er då gledeleg at også desse reisene vert styrkja og forbetra for forbrukarane ved at ein no får ein ny pakkereiselov.

Frå 1. juli 2018 vil den nye loven tre i kraft. Loven gjennomfører EU- direktivet om pakkereiser av 2015. Direktivet sikrar like reglar i Europa, og legg til rette for økt handel over landegrensene. Det vil med andre ord sei at nordmenn som kjøper reisearrangementer frå utanlandske næringsdrivande vil ha dei same rettigheitene som ved kjøp frå norske næringsdrivande.

Kjøper du ei pakkereise, har du ei rekke rettigheiter, blant anna krav til informasjon før reisa startar, krav til arrangøren under gjennomføringa av pakkereisa, og til beskyttelse ved arrangørens konkurs. Den nye pakkereiselova vert tilpassa ein stadig meir digital kvardag, der forbrukarane i større grad setter saman sine eigne reiser.

Også leie av bil og kjøp av konsertbillettar vil kunne sjåast på som pakkereiser. Dette sikrar fleire forbrukarar mot arrangørens konkurs.

Blant anna vil og fleire reisearrangement sjåast på som pakkereiser. Krava om reisegaranti vil gjelda også ved samansette reisearrangementer. Det vil sei at fleire reisetenester kjøpt til same reise, utan å væra pakkereise. Økt krav til næringsdrivandes opplysningsplikt. Kostnader som ikkje er opplyst om knytt til pakkereisa, skal ikkje betalast. Og arrangørens ansvar for korrekt gjennomføring av pakkereisa skal tydeleggjerast.

Samtidig fjernes også særordninga med reisegaranti når den reisande kjøper kun flybillettar av ein charteroperatør. Garantien vert fjerna for å sikra charteroperatører like konkurransevilkår som flyselskapa.

Så for oss forbrukarar vil vi frå 1. juli 2018 stå sterkare rettigheitsmessig uansett om vi kjøper ei pakke gjennom reisearrangør, eller om vi set saman ei reise sjølv.

God påske !

Laila Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.