Både Nore Neset IL og Søfteland Turn og Idrettslag er av laga som kan gle seg over ei auke i grasrotandelen 1. tertial 2018 (Arkivfoto: Andris Hamre)

Aukar mindre enn resten av landet

Utbetalingane frå grasrotandelen aukar på landsbasis med 40 %. I Os er auka på 17,55%.

Av: Andris Hamre

Norsk Tipping utbetaler Grasrotandelen tre gongar i året.

Nyleg blei det kjent at den første utbetalinga for 2018, som kjem på kontoen til dei ulike laga og organisasjonane dei nærmaste dagane, har auka med 40 prosent på landsbasis samanlikna med i fjor.

Over 200 millionar utbetalt

Etter dei fire første månadane i fjor blei det utbetalt 147,9 millionar kroner. I år er beløpet for tilsvarande periode 206,6 millionar kroner.

– Dette er heilt fantastiske tal - at vi skulle komma over 200 millionar var noko vi drømde om, og at vi kom over det med 6,6 millionar kroner er heilt utruleg. Denne auken i prosentsatsen vil få stor betydning for mange tusen lag og foreningar over heile landet, seier Anne Helseth, fagansvarleg for Grasrotandelen i Norsk Tipping i ei pressemelding.

831 592 kroner til Os

I oversikta frå Norsk Tipping kjem det fram at dei ulike laga og organisasjonane som har registrert adresse på Os får utbetalt tilsaman 831.582 kroner i vår.

I same periode i fjor blei det utbetalt 707.423 kroner.

Sjølv om auka er betydeleg, så utgjer den «berre» 17,55 prosent, noko som tyder at dei frivillige laga har ein jobb å gjera med å rekruttere fleire grasrotgivarar. På landsbasis finst det framleis rundt 900.000 grasrotgivarar som ikkje har valt seg ein mottakar.

– Vi håper at desse tala gjer at enno fleire av våre kunder vel å bli grasrotgivar. Ved å vera grasrotgivar er du med på å fordele noko av overskotet frå Norsk Tipping. Det går ikkje utover verken premie eller innsats, seier Helseth.

Grasrotandelen blei endra frå 1. januar i år. Satsen gjekk opp frå 5 til 7 prosent av innsatsbeløpet, noko som kan vera med å forklara auken.

Så mykje får laga i Os

Nedanfor finn du oversikt over laga du kan støtte i Os. Oversikta syner kor mange grasrotgivarar dei har i dag, kor mykje dei får utbetalt no i 2018 og kor mykje dei fekk for dei fire første månadane i 2017.

Navn Ant givarar Hittil i 2018 Samme 2017
OS TURNFORENING 643 kr 159 381 kr 161 715
LYSEKLOSTER IDRETTSLAG 260 kr 72 103 kr 69 707
NORE NESET IDRETTSLAG 382 kr 50 245 kr 37 667
SØFTELAND TURN & IDRETTSLAG 262 kr 47 715 kr 40 491
OS RØDE KORS 211 kr 41 284 kr 39 739
SØRE NESET IDRETTSLAG 227 kr 39 951 kr 58 648
I.L. ØYGLIMT 239 kr 34 493 kr 26 210
BJØRNEFJORDEN GOLFKLUBB 142 kr 25 280 kr 23 952
JADAKAMERATENE IL 86 kr 22 284 kr 20 256
LHL OS 92 kr 18 374 kr 12 779
UNGDOMSLAGET HAVGLIMT 72 kr 17 932 kr 11 500
OS SKYTTARLAG 64 kr 17 468 kr 10 270
OS AERO KLUBB 59 kr 11 426 kr 6 281
OS BILJARD OG SNOOKERKLUBB 37 kr 10 972 kr 7 671
OSKATTEN 82 kr 10 738
OS ROCKEKLUBB 66 kr 10 530 kr 6 075
OS JAKT OG FISKELAG 45 kr 10 154 kr 9 903
LYSEFJORDEN UNGDOMSLAG 60 kr 9 259 kr 11 966
NORE NESET SKULEKORPS 20 kr 8 887 kr 4 481
LIVERBIRDS OS 18 kr 8 683 kr 1 280
OS MC & MX KLUBB 70 kr 7 777 kr 5 267
UNGDOMSLAGET VÅRVON 48 kr 7 767 kr 3 918
VIETNAMESISK FORENING OS 20 kr 6 938 kr 19 528
OS KOBUDOKAN KARATEKLUBB 47 kr 6 931 kr 3 717
LYSEFJORDEN RIDE OG KJØREKLUBB 38 kr 6 709 kr 5 437
BOWLINGKLUBB MASCOT 20 kr 6 666
OS MUSIKKFORENING 51 kr 6 629 kr 4 398
OS SKULEKORPS 62 kr 6 602 kr 4 422
OS SWINGKLUBB 42 kr 6 237 kr 5 093
OS ROKLUBB 56 kr 6 086 kr 3 675
OS AMCAR CLUB 35 kr 5 973 kr 2 313
OS TRAVKLUBB 21 kr 5 599 kr 4 238
OS MANNSKOR 41 kr 5 464 kr 4 108
OS BÅTKLUBB 20 kr 5 317 kr 5 446
OS BRIDGEKLUBB 27 kr 5 202 kr 15 755
MOLDEGAARD RYTTERSPORTSKLUBB 41 kr 4 952 kr 3 041
VESTLANDETS KATTEKLUBB 27 kr 4 724 kr 1 054
BERGEN OG OMEGN MODELLBILKLUBB 30 kr 4 722 kr 3 105
OS BASKETBALLKLUBB 18 kr 4 619 kr 850
OS TURLAG 46 kr 4 560 kr 2 379
SØRE NESET SANITETSFORENING 22 kr 4 222 kr 3 001
SØRE NESET UNGDOMSLAG 23 kr 4 087 kr 2 589
LYSEKLOSTER SANITETSFORENING 30 kr 4 085 kr 4 110
OS PENSJONISTFORENING 44 kr 3 983 kr 2 224
BMW MC KLUBBEN NORGE VESTLANDET
kr 3 830 kr 2 770
OS SVØMMEKLUBB 19 kr 3 215 kr 1 818
LYSEKORET 26 kr 3 018 kr 2 148
MIDTHORDLAND FJORDHESTLAG 4 kr 2 986 kr 2 766
HEGGLANDSDALEN IDRETTSLAG 17 kr 2 829 kr 2 045
OS VOCALIS 18 kr 2 828 kr 1 662
TORSNESET VELFORENING 9 kr 2 824
SØFTELAND UNGDOMSLAG 16 kr 2 725 kr 1 683
CYKLE-KLUBBEN HENIE 21 kr 2 657 kr 2 039
BANKTJØRNHAUGEN VELFORENING 12 kr 2 556 kr 2 437
ÅSANE SPORTSSKYTTERLAG 10 kr 2 379
SØRE NESET MUSIKKLAG 19 kr 2 286 kr 512
BERGEN RC LASTEBIL KLUBB 15 kr 2 279 kr 1 171
LØDALEN VELFORENING 2 kr 2 020 kr 1 385
NORE NESET SANITETSFORENING 12 kr 1 882 kr 1 071
DAMSGÅRDSUNDET HISTORISKE FORENING
kr 1 769 kr 1 012
OS ROTARY KLUBB 11 kr 1 528 kr 824
NORSK TOURETTE FORENING HORDALAND 11 kr 1 478
OS HUSFLIDSLAG 12 kr 1 465 kr 886
ØVRE LEKVENMARKA VELFORENING 6 kr 1 382 kr 13
OS SANITETSFORENING 13 kr 1 345 kr 565
NORGES HANDIKAPFORBUND OS LOKALLAG 10 kr 1 240 kr 923
LIONS CLUB OS 13 kr 1 230 kr 714
LYSØENS VENNER 7 kr 1 096 kr 747
NORE NESET GRENDALAG 10 kr 1 068 kr 666
OS FAMILIEKRIK 5 kr 980 kr 442
LEKVENMARKA VEL 7 kr 934 kr 560
OS FJORDLAG 5 kr 893 kr 675
VENER AV LYNGHEIM 5 kr 888 kr 651
BANEVIKEN 13 kr 867 kr 575
OS SMÅFISKARLAG 9 kr 769 kr 561
OS DYKKEKLUBB 5 kr 769 kr 39
OS SENIORUNIVERSITET 4 kr 736 kr 475
OS HAGELAG 8 kr 729 kr 522
OS KOLSKOGEN SPEIDERGRUPPE AV NSF 8 kr 702 kr 315
SKEIETUNET VELFORENING 7 kr 688 kr 87
OS HUNDEKLUBB 5 kr 614 kr 77
FONOS 10 kr 595 kr 366
OS TAEKWON DO KLUBB 6 kr 550 kr 451
TYSNES HUSFLIDSLAG 7 kr 522 kr 336
LYNGHEIM DET HISTORISKE TUNET PÅ STI 1 kr 457 kr 140
1 OS KFUK KFUM-SPEIDERE 5 kr 407
KVAM BOGESKYTTARKLUBB 3 kr 371
FORENINGEN BEVAR FJELLHEIM 1 kr 280 kr 136
LYSHORNET SKOLEBRASS 4 kr 269
HAVNESJEFEN 4H 5 kr 250 kr 19
SØRE ØYANE SANITETSFORENING 3 kr 231 kr 257
LYSEKLOSTER I L FRIIDRETT 5 kr 211
RINGEBU BOCCE OG JOJOKLUBB 4 kr 199 kr 225
OS SPELEMANNSLAG 4 kr 155 kr 149
NORSK FOLKEHJELP OS 4 kr 139 kr 56
OS MÅLLAG 5 kr 132 kr 195
BRENDAHAUGANE GRENDALAG
kr 121
CISV OS LOKALLAG 2 kr 60
BERGEN SKALA MODELLBÅTKLUBB 2 kr 58
OS INTERESSEORGANISASJON FOR 1 kr 49
HJELLE VELFORENING
kr 21
OS ORIENTERINGSKLUBB 2 kr 8
BUESKYTTERREGION VESTLANDET


FORTIDSMINNEFORENINGEN OS LOKALLAG


KIOS


LILLE KUVÅGEN VELFORENING


LYHAUGEN VELL


NLS OS OG OMEGN KRETS


OS FOTOKLUBB 10

OS KAMMERKOR


OS SJAKK UNG


SENIORDANSEN OS


SENIORLAGET HIB


STRØNO FJORDLAG


VESTLANDETS FUGLEHUNDKLUBB 37

VÅGSHAUGEN VELFORENING


ØVRE SKUTUSET VEL


TOTALT
kr 831 582 kr 707 423