Lokal | 29. jan. 2018

Ap-jubel over Frp-vending

Lesarinnlegg: Arbeidarpartiet jublar over at Os FrP no ser ut til å snu i kjøkensaka.

Ap-jubel over Frp-vending
Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe jublar over at Os Frp no vil søka tilskot til kjøken på Luranetunet (foto: AH/skjermdump facebook)
Lesarinnleggmandag 29. jan. 2018 07:56

Arbeidarpartiet sine 7 representantar i Os kommunestyre jublar over at Os FrP søndag la ut melding på si Facebook-side at dei vil søkja om tilskudd til å få kjøken på Lurane.

Arbeidarpartiet og fleire av dei andre opposisjonspartia i Os har i fleire år kjempa ein forgjeves kamp for å få bygd opp igjen storkjøkken på Lurane. Vi har blitt nedstemt av FrP og Høgre kvar gong.

I siste budsjettdebatt i desember fremma både Os Arbeidarparti og TVS på nytt saka i kvart vårt budsjett. Denne gongen var vi i AP nesten heilt sikre på at vi ville få fleirtal for å sikra bebuarane på sjukeheimen fersk og tilpassa mat. Grunnen var at Siv Jensen i valkampen i september så tydeleg og klårt hadde lova kjøken på alle sjukeheimar. Men den gong ei, skuffelsen var stor då ikkje ein einaste representant frå Os FrP eller Os Høgre støtta vårt forslag.

Les òg: Ønskjer seg kjøken på Lurane

Desto større er gleda når vi no les at dei snur!

Dei skriv at dei vil søkja tilskot til bygging av kjøken! Vi i Arbeidarpartiet gledar oss over dette og vil sjølvsagt støtta at forslaget får fleirtal, når dei no sikkert sjølve vil fremja saka.

Det skulle berre mangla at dei som bur på Lurane ikkje skulle ha kjøken i sin heim - sjukeheimen.

Arbeidarpartiet si gruppe i Os kommunestyre
Helge Steinum, Tone Hepsøe, Harald Døsen, Sandra Kristin Austgulen, Gisle Hesjedal, Trine Lindborg, Arild Mads Nilsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.