Brann og beredskap | 25. mars 2024

Alle i bygget fekk frisk luft

Nok ein alarm i Brugata.

Alle i bygget fekk frisk luft
Tannlegar og treningsfolk var blant dei som fekk ei stund i sola mens brannvesenet sjekka bygget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mars 2024 14:52

Måndag gjekk alarmen i Handlegården i Brugata.

Både privatpersonar med bustad i bygget, næringsdrivande og mosjonistar måtte evakuerast.

– Det var ingen brann. Detektoren som var utløyst er på eit næringsareal, årsak er uviss, fortel utrykkingsleiar Kristoffer Hauge.

Kristoffer Hauge u aksjon under dagens utrykking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristoffer Hauge u aksjon under dagens utrykking. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det er ikkje første gong det går automatisk brannalarm (ABA) i det store sentrumsbygget. Det er heller ikkje lenge sidan førre gong.

Men når det kjem til brannvesenet kan du ropa ulv så mange gongar du vil utan å risikera å stå utan hjelp den dagen det brenn.

– Vi rykker ut som om det er full fyr, sjølv om det ofte er annan årsak når det kjem til desse ABA-utrykkingane, seier Hauge.

– Bygget i Brugata er stort, med mange ulike bedrifter og bebuarar, så det krev av og til litt tid å finna rett detektor. Når den er funne, og vi kan konstatera at det ikkje brenn nær denne, kan vi avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.