Vegvesenet sjekka trafikken i retning nord på E39 i går. (Arkivfoto: KVB)

7 gebyr, 7 bruksforbod og 17 mangellappar

Statens vegevesen hadde kontroll på E39 i Hjellemarka i går.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag hadde Statens vegvesen trafikkontroll retning nord på E39.

Dei sto i Hjellemarka/ved Storestraumen på ettermiddag, og dei fann mykje å reagera på.

– Sju bilistar fekk gebyr, fire av dei for ikkje å ha med vognkort eller førarkort, to fekk for sletne dekk og éin for manglande bruk av bilbelte i lastebil, fortel kontrollansvarleg Nina Marianne Winther i rapporten.

Det blei skrive heile 16 mangellappar på personbilar som mangla lys, i tillegg var det éin lapp for noko anna.

17 bilar fekk ikkje køyra vidare.

Éin av dei blei avskilta, 16 andre fekk bruksforbod grunna blant anna dårleg sikring av last, manglar i samband med spesialtransport.

1 anmeldelse for spesialtransport.

For meir informasjon om kontrollen ta kontakt

Fleire saker