Lokal | 14. aug. 2016

100-åring på visitt

Laurdag la ein heilt spesiell båt til kai ved Bunnpris Vedholmen i Søre Øyane.

100-åring på visitt
<span style="font-family: Helvetica; font-size: 12px;">M/Y Faun på veg til neste mål. (Foto: KML)</span>
Kari M. Lyssandsøndag 14. aug. 2016 07:07

Bildeserie:

Kaptein og medlem av Vennelaget Faun, Arne Asheim (til høgre), saman med nokre av medlemmane i Det Glade Bergen. (Foto: KML)
Kaptein og medlem av Vennelaget Faun, Arne Asheim (til høgre), saman med nokre av medlemmane i Det Glade Bergen. (Foto: KML)
Denne staselege båten, M/Y Faun, fann vegen til Søre Øyane laurdag. (Foto: KML)
Denne staselege båten, M/Y Faun, fann vegen til Søre Øyane laurdag. (Foto: KML)
1 av 2
Kaptein og medlem av Vennelaget Faun, Arne Asheim (til høgre), saman med nokre av medlemmane i Det Glade Bergen. (Foto: KML)
Denne staselege båten, M/Y Faun, fann vegen til Søre Øyane laurdag. (Foto: KML)

Medan det blei pakka ned etter atter ei vellukka opning av kystsogevekene og fiskekonkurranse, la motoryatchen Faun til kaien ved Bunnpris Vedholmen.

Den staselege båten vekte skodelysta til fleire og den blei ikkje mindre då ein fekk høyra at Faun er ikkje ein kva som helst båt. Den har ei historie som går 100 år tilbake i tid og til Noregs første statsminister.

– Båten blei i 1916 laga til sonen til Christian Michelsen, Einar som skulle bruka den som lystbåt.

– Men han døydde etter nokre år og faren overtok båten, fortel kaptein for dagen og medlem i Vennelaget M/Y Faun, Arve Asheim.

Restaurert for 5 millionar kroner

Faun hadde fleire eigarar etter Michelsen før Hardanger Fartøyvernsenter kjøpte båten for ei krone.

– Etter at dei hadde overtatt båten så brukte dei 5 millionar kroner på å restaurere den.

Vennelaget Faun sitt mål er å halda båten ved like og dei disponerer båten for å tena inn penger til vedlikehald og forsikring.

Motoryatchen, som har plass til 12 passasjerar, blir leigd ut med mannskap til kortare og lengre turar og tanken bak er "bevaring ved bruk".

– Dette er ikkje noko overnattingsbåt, heller ein festbåt.

– Vi vinka til alle

På dagens båttur har Asheim med seg medlemmar frå Vennelaget Det Glade Bergen som held haustmøtet sitt på båtturen. Turen gjekk frå Gamlehaugen og målet er Inderøya.

– Vi kallar det møte, men det er mest berre morro, fortel ein av medlemmane blidt.

Etter å ha gjort sine innkjøp på Bunnpris kasta dei loss og sette kursen mot Kvalesundet.

– Vi har ein regel og det er at vi vinka til alle vi ser, fortel den lystige gjengen og smiler og vinker medan båten kjører avstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.