Meining | 29. apr. 2024

Skulestruktur for framtida?

Lesarbrev frå Bjørnafjorden SV.

Skulestruktur for framtida?
TAF-Marin på oppdrag. (Foto: Mette Holmefjord Olsen)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 29. apr. 2024 08:43

Administrasjonen i Vestland fylkeskommune har arbeidd fram eit høyringsutkast til ny skulestruktur for vidaregåande skular frå 2025.

Det er truleg naudsynt sidan tal elevplassar er større enn elevtalet i fylket.

Det første prinsippet som ligg til grunn for planutkastet er : «..vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.»

Velkommen til skulestart. (Foto: Mette Holmefjord Olsen)
Velkommen til skulestart. (Foto: Mette Holmefjord Olsen)

Då forundrar det Bjørnafjorden SV at administrasjonen føreslår å leggja ned eit at dei mest søkte og populære tilboda i Bjørnafjordsregionen.

Det som på folkemunne kallast TAF (TAF/YSK), har sidan oppstarten i 2001 med 1 klasse i tekniske fag, vidareutvikla seg til eit svært viktig og populært tilbod, no også i marine fag, helsefag og restaurantfag.

TAF/YSK-modellen fører elevane i løpet av 4 år, fram til både studiekompetanse og fagbrev.

Under utdanninga kombinerer dei arbeid i bedrift med å gå på skule. Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule og lærebedrifter innan ulike fagområde.

Etter fire år oppnår dei altså dobbel kvalifikasjon; både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og/eller kjemi.

Dei er formelt elevar ved skulen dei to første åra og deretter lærlingar i bedrift dei to siste, men dei har heile dagar i skule/bedrift alle fire åra.

Utdanninga er først og fremst retta mot dei om ønsker å studera på høgskule- eller universitetsnivå.

Dette utdanningstilbodet har vist seg å vera ein viktig garantist for rekruttering til viktige hjørnesteinsbedrifter i regionen vår; utdanninga gjev godt kvalifisert arbeidskraft med lokal forankring.

På TAF/YSK lærer elevane lærer å samarbeida og å arbeida sjølvstendig etter eigne planar.

Elevarbeid frå KDA (Kunst, design og arkitektur). (Foto: Mette Holmefjord Olsen)
Elevarbeid frå KDA (Kunst, design og arkitektur). (Foto: Mette Holmefjord Olsen)

Det same gjeld også på eit anna tilbod høyringsutkastet vil fjerna. KDA (kunst, design og arkitektur) er ei ypparleg 3-årig utdanning som fokuserer på kreative prosessar og utøvande arbeid.

Slik kompetanse i problemløysing treng samfunnet for å møta framtida sine utfordringar. Bjørnafjordsregionen treng alternative tilbod til den tradisjonelle 3-årige teoretiske vegen til studiekompetanse.

Det er ikkje alltid «A4-modellen» gjev beste resultata, gjerne er det nettopp det alternative som er løysinga. Me hugsar prinsippet i innleiinga: «.. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod»!

Bjørnafjorden SV støttar kravet om å oppretthalda desse tilboda ved Fusa vidaregåande skule ved at skulen får vidareføra kombinasjonsløysingane dei har utvikla.

Bjørnafjorden SV
Hege Bjørnør - Mette Holmefjord Olsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.